Vanguard Endeavor ED II 8×42

Vanguard er ein relativt «ny» produsent av sportsoptikk historisk sett, grunnlagt i 1986. Merket er ikkje så kjent for kikkertar i Noreg, og dei fleste kjenner vel Vanguard som produsent av kamerastativ, kameravesker og liknande. I Dinkikkert var vi relativt ukjent med merket, men bestemte oss for å teste eit par av modellane etter å ha vore i kontakt med produsenten. Valet fall på Endeavor ED-serien, som no i år er komen i oppgradert versjon, ED II.

Vanguard Endeavor ED II 8x42

Vanguard Endeavor ED II 8×42


Vitale data
8x forstørring, 42mm lysopning, 5.25mm utgangspupill, 19.5mm augeavstand.

Vekt og storleik
Endeavor ED II er Vanguard sin high-end serie, med ein pris i mellomklassa. Serien er ein oppgradert versjon av Vanguard Endeavor ED, og omfattar tre modellar: 8×32, 8×42 og 10×42. Bortsett frå forstørring og opningsdiameter, har modellane samme funksjonalitet og konstruksjon. Vekta ligg på 770 gram, men kikkerten kjennast ikkje på langt nær så tung. Dette skuldast truleg at kikkerten er veldig godt balansert. Storleiken er som forventa for denne klassa.

Bildekvalitet
8×42 ED II har eit synsfelt på 126m pr 1000m. Dette er veldig bra, sjølv om det finst modellar med endå større synsfelt.  Eit større synsfelt er ikkje nødvendigvis utelukkande positivt, noko vi skal sjå nærare på. Okulara har ein tilsynelatande innsynsvinkel på ca 58 grader.
Skarphet er eit av dei viktigaste optiske kriteria. Og her snakkar vi ikkje berre om skarphet i sentrum, men i kva grad skarpheten held seg utover i synsfeltet. Du får mindre glede av eit stort synsfelt, dersom det syner seg at skarpheten kun er bra i 65% av synsfeltet. Slørete bildekantar øydelegg mykje av gleda med ein kikkert, sjølv om kikkerten er skarp i sentrum. Difor gledar ED II oss stort; det er knapt mogleg å sjå endring i skarphet i synsfeltet! Kikkerten er sylskarp heilt ut til bilderanda, og dette løfter automatisk opplevelsen av synsfeltet opp på eit høgare nivå! Dette hadde vi ikkje forventa på ein kikkert i denne prisklassa, ja sjølv ikkje på dyrare modellar. Forskjellen mellom ED og ED II er lett å sjå akkurat på dette punktet.
Når det gjeld fargekorrigering, fargestikk og kromatisk aberasjon er ED II heilt i øverste klasse. Kikkerten gir eit naturleg og nøytralt inntrykk, med minimalt av lysbrytingsfenomen langs kontrastovergangane. Vi har testa denne hardt mot nådelause testobjekt (radiomaster, flaggstenger og hustak), og denne kikkerten leverer langt over forventning. Forskjellen mellom ED og ED II er her lett synleg, utan at det betyr at ED er dårleg! Forklaringa finn vi truleg i ED-elementa som er nytta i denne oppgraderte modellen. Vanguard har her brukt optikk frå japanske Hoya, som er kjent for å vere ein av dei beste japanske optikkprodusentane. Dette skiftet i optikk har verkeleg gitt effekt.
Ein annan viktig optisk eigenskap er fortegning, dvs korleis geometrien i synsfeltet vert bevart. Ein god måte å sjekke dette på er å studere rette linjer i bakgrunnen. Hustak, flaggstenger og horisonten er mykje brukt som testobjekt. Den mest vanlege fortegninga er tønnefortegning. Dette betyr at rette linjer har det med å vende utover mot bildefeltet når du bevegar linja utover mot kanten av synsfeltet. Som oftast er ikkje grad av fortegning kritisk, men ein godt korrigert kikkert vil gi eit meir behageleg bilete. På ED II er fortegninga veldig godt korrigert; veldig godt! Du ser den, men vi snakkar her om fortegning på eit nivå du som oftast kun finn hjå dyrare modelllar.
Motlyseigenskapane er god på ED II. Dette skuldast god overflatebehandling på linseoverflatene, god indre strølysdemping, og det faktum at frontlinsene ligg god beskytta innanfor enden på kikkertrøret.

Utgangspupill

Utgangspupill

Byggkvalitet
Endeavor ED II brukar som sin forgjengar ED ein open konstruksjon, noko som både sparar vekt og gir eit godt og fleksibelt handgrep. Kikkerten er dekka av solid gummiarmering, og ED II har litt mindre struktur enn forgjengaren ED. Likevel er grepet behageleg, og utan at gummien kjennast for ru. Chassiet er støypt med anvisning til tommelen, nok som hjelper til med å finne ideell plassering for god balanse. Sjølve kikkerthuset er i magnesium, og dette omfattar òg fokuseringshjul og augemuslingar. All mekanikk er jevn og presis, og virkar godt skrudd saman.
Fokuseringa er rimeleg snever, med full fokusspennvidde på 3/4 omgang. Normalt ville dette bekymra oss litt, då det av og til kan vere vanskeleg å få presis fokusering. Men ikkje med ED II. Det er fantastisk å kunne dra fokusen over heile registeret, og SÅ presist legge fokusplanet på ønska objekt. Fokushjulet er òg nokså stort, noko som gjer det lett handterbart med hanskar eller vottar på.
Augeavstanden på 19.5mm gjer kikkerten ideell for dei som brukar briller. Augemuslingen kan dessutan justerast til fire posisjonar, med klikk-stopp. Kikkerten har diopterjustering med skala på høgre okular, og justeringa er låsbar med ein ganske fiks låsefunksjon. Denne fungere veldig bra, og justeringsskalaen gjer det òg mogleg å huske si eiga personlege innstilling, dersom det er fleire som brukar kikkerten fast.

Dipoterjustering med låsing

Dipoterjustering med låsing

Nærgrensa er oppgitt til 2m, men vi måler denne til ca 1.7m. Dette må seiast å vere veldig bra. Kikkerten er godt vèrtetta, og er sjølvsagt fyllt med nitrogengass for å forhindre dugg på innsida av optikken. Dette er ein kikkert du kan ta med deg i alle typar vèr, utan å bekymre deg for dugg og lekkasjar.
Kikkerten kjem med objektivlokk som henger fast i kikkertrøret, og desse er lette å ta av og på. Lokk for okulara følger òg med, og denne kan du feste i medfølgande kikkertreim om du ynsker. Vanguard har forresten livstidsgaranti på sine kikkertar. Dette betyr mykje for deg som kjøpar. Opplever du problem med kikkerten under normal bruk, så tar du kontakt med forhandlar og så blir dette tatt hand om.

Pris
Dette er ein kikkert som godt kunne ha vore i ei høgare prisklasse. Difor er det særdeles hyggeleg at vi kan tilby denne for rundt 4000,- (alt etter type modell). Den eldre ED-modellen er litt rimelegare, og er òg eit særdeles godt val. Det er sjølvsagt litt forskjell på seriane, men den gamle serien er likevel meget oppegåande.  ED-serien har litt fleire modellvariantar enn ED II, men det skulle ikkje undre oss om det kjem fleire modellar i ED II-serien etterkvart.

Objektivlokk

Objektivlokk


Generelt inntrykk
Vanguard leverer her ein glimrande kikkertserie, med optiske og mekaniske eigenskapar som vi i utgangspunktet først forventar i ei høgare prisklasse. Når vi snakkar om randskarphet og fortegning, er denne kikkerten særdeles oppegåande. Ergonomisk er kikkerten ein nytelse i bruk, og vi føler dette er ein kikkert vi kan anbefale til krevande og aktivt bruk. Noko negativt? Tja, gummien på augemuslingane er kanskje litt for klebrig, men strengt talt vert det bagatellar. Særleg i denne prisklassa. I den grad vi kan bruke merkelappen «Beste kjøp», så er den definitivt klistra på denne kikkertserien! Kan anbefalast på det sterkaste!

Sjå Vanguard Endeavor ED II i vår nettbutikk.

Bookmark the permalink.

Comments are closed