Total måneformørking 28.september 2015

Montasje frå den totale måneformørkinga 9.november 2003.

Natt til mandag 28.september 2015 er det duka for den beste totale måneformørkinga i Noreg på mange år. Måneformørkingar er visuelt svært vakre, og det er ei perfekt anledning til å ta spektakulære landskapsbilete med ein litt spesiell vri.

Når sola skin på jorda, vert det kasta ein skugge ut i rommet. Ved fullmåne står månen og sola i motstilling på kvar si side av sola, men som oftast går månen enten litt over eller under denne skuggen. Under ei måneformørking passerer månen gjennom jordskuggen, og formørkinga kan sjåast frå alle som befinn seg på jorda si nattside. I utkanten av skuggen vil ein frå månen kunne sjå delar av sola i siluett mot jorda. Denne delen av skuggen vert kalla halvskuggen (sjå illustrasjon under).

Dei som befinn seg langs skillet mellom natt og dag, vil kun oppleve delar av formørkinga. I utgangspunktet skulle månen ha forsvunne heilt frå syne når den passerar gjennom jordskuggen. Men sidan ein del av sollyset vert broten gjennom atmosfæren, vil noko av lyset (særskilt dei raude bølgelengdene) likevel treffe månen og innhylle denne i eit nærast magisk raudt lys.
Lysstyrka til månen går difor kraftig ned, og ein er den raude månen stå i flott siluett mot stjernehimmelen (som normalt vert viska bort på grunn av det sterke månelyset). Dette fenomenet må berre opplevast!

Formørkinga vil skje lågt på himmelen i SV-V, og det er dermed ein fordel med nokså klar horisont i vestleg retning.

Halvskuggen
Den partielle fasen startar kl 03:07, formørkinga er maksimal kl 04:47, og den partielle fasen sluttar 06:27.
Ein vil først merke formørkinga visuelt rundt kl 02:30. Då er månen halvvegs gjennom halvskuggen til jorda. Dette er eit fenomen som kan vere vanskeleg å sjå visuelt. Men på kameraet vil du raskt merke at delar av månen no mistar litt lysstyrke. Dette kallar vi ei penumbral måneformørking (sjå biletet under).

Penumbral måneformørking 14.mars 2006

Penumbral måneformørking 14.mars 2006, heilskuggen befinn seg like utanfor måneranda nede til høgre.

Først kl 03:07 treff heilskuggen måneranda, og ein ser tydeleg ein svart skugge som stadig bit seg innover måneskiva. Du merkar med ein gong kva som skjer, for kontrasten er nokså stor. Etter kvart som formørkinga vert djupare og djupare, ser ein at fargen i skuggen endrar seg mot det raude. Kl 04:47 er månen på sitt djupaste inne i jorda sin skugge. Du vil no nærast sjå månen flyte tredimmensjonalt over ein mørk stjernehimmel, eit nokså vakkert syn!

Akkurat korleis raudfargen vert, er vanskeleg å forutsjå på førehand. Td. vil mykje aske i atmosfæren (frå store vulkanutbrot) kunne påverke lysgjennomstrøyminga slik at månen nesten vert usynleg. Denne effekten vil ofte vere ulik alt etter kvar på jorda ein befinn seg.

Ein kan òg av og til legge merke til eit turkis skjær langs måneranda, særleg under dei partielle fasane. Denne fargen skuldast rett og slett gassen ozon i jorda sin atmosfære, som fører til at meir av dei blå bølgelengdene treff månen. Fascinerande kor mykje kunnskap ein kan få frå slike himmelfenomen! Forma på jordskuggen er òg eit klart bevis for at jorda er rundt, noko dei gamle grekarane la merke til. Likevel skulle det ta nesten 1500 år før kyrkja og vitenskapen vart einige om at dette stemte.

Korleis fotografere ei måneformørking
Det er alltid vanskeleg å fotografere eit objekt med stort kontrastomfang. Dei partielle delane av ei måneformørking er svært krevande. Her må du rett og slett gjere eit aktivt val om kva du ynskjer å legge vekt på. Ein kan forsøke seg litt med kombinerte eksponeringar, men det er vanskeleg å få dette til å matche det du ser visuelt.

Det anbefalast å bruke manuelle innstillingar, og eksperimentere seg fram til lukkartider som gjev korrekt eksponering på histogrammet. Delen av månen som framleis er belyst 100% frå sola krev normalt nokså korte eksponeringar (forsøk gjerne med spotmåling). Om du studerer biletet øverst i artikkelen, så er bileta av den partielle fasen tatt med omlag 1/250 sekund, medan totalitetbiletet i midten ligg på rundt 1 sekund. Kontrastforskjellen er difor enorm.

Lang brennvidde er ein fordel, og du bør nok opp i 300mm eller meir (fullformat ekvivalent) for å få nok storleik på bildebrikka til å vise tydeleg overflatestrukturar på månen. Om du koplar kameraet ditt til eit teleskop, kan du verkeleg fylle sensoren med eit fantastisk syn! Ein liten refraktor på 5-600mm brennvidde fungerer ypperleg til dette. Merk at dersom  brennvidda er lang, så vil månen bevege seg litt sjølv på 1 sekund eksponering. Eksperimenter difor litt med ISO, slik at du held lukkartidene på ei nivå som ikkje skapar uskarpe bilete. Det beste er å bruke teleskop i kombinasjon med ei motorisert montering.
For å treffe fokus 100% bør du fokusere ved hjelp av LCD-skjermen på kamera. Fullmånen innheld nesten ingen skarpe skuggar, så  det kan vere vanskeleg å vite korleis du treff med fokus.

Om du ikkje har optikk med lang brennvidde, fortvil ikkje. Du har likevel ei perfekt anledning til å ta fantastiske landskapsbilete, der du inkluderer den totalt formørka månen i komposisjonar. Tenk refleksjonar i vatn, månen saman med arkitektur, månen i kombinasjon med spennande landskapsformer, og ikkje minst; folk som obseverer fenomenet (gjerne med ein liten blitz som lyser opp og frys forgrunnen). Tenk kreativt!

Om ein er ekstra heldig, kan ein oppleve både måneformørking og nordlys samtidig. Den sterkt svekka lysstyrka til fullmånen under formørkinga gjer det enklare å sjå (og fotografere) nordlyset, samanlikna med normalt fullmånelys. Men det kan vere nokså vanskeleg å få med begge i samme kamerautsnitt samtidig, med mindre nordlyset dekkar heile himmelen, eller du befinn deg i nærleiken av nordlysovalen (dvs rundt Tromsø sine breddegrader).

Tidsplan
Kl 02:11  Start penumbral fase (halvskugge)
Kl 03:07  Start partiell fase
Kl 04:11  Start total fase
Kl 04:47  Maksimal fase
Kl 05:23  Slutt total fase
Kl 06:27  Slutt partiell fase
Kl 07:22  Slutt penumbral fase

Den totale fasen varer dermed i ca 72 minutt, og månen passerer litt i underkant av midten av jordskuggen. Med andre ord, god tid til å fotografere dersom du har fint vèr, og litt dårlegare tid dersom du må køyre bil for å finne sprekker i skydekket!

Bookmark the permalink.

Comments are closed