Solformørkinga 20.mars 2015

Total solformørking

Total solformørking, med sola sin fantastiske korona. (Foto: Runar Sandnes)

Fredag 20.mars opplever Norge ei av dei største solformørkingane på lang tid. Formørkelsen er over 90% i store delar av landet, og den er total på Svalbard. Den delvise (partielle) fasen startar ca 09:45 (varierer litt alt etter din geografiske posisjon), og formørkinga er maksimal ca ein time etter.

I Longyearbyen startar den totale fasen kl. 11:10:42, og er over 11:13:11. Om du har tenkt deg oppover, og ikkje allereie har ordna deg med overnatting og flybillettar, så er du nok truleg for seint ute.
Men fortvil ikkje; vi får likevel oppleve ei stor solformørking på fastlandet, og det kan bli ei riktig så fin oppleving dersom vèrforholda er bra. Formørkinga vert størst i vest, med nesten 95% av sola dekka av månen.

Formørkinga i 2006, sett frå den internasjonale romstasjonen.

Formørkinga i Tyrkia  i 2006, sett frå den internasjonale romstasjonen. Vi ser Kypros nederst i biletet. Underteikna befinn seg langt der nede i måneskuggen, med høg puls og frysningar nedover ryggen. Foto: NASA

Kva er ei solformørking?
Ei solformørking vert til når månen passerer framfor solskiva slik at måneskuggen fell mot jordoverflata. Er månen nær nok jorda, og såleis er stor nok på himmelen til å dekke heile solskiva, vert fomørkinga total langs ei smal stripe over jordoverflata. Er månen for langt borte, men framleis passerer nær sentrum av solskiva, vil ein sjå delar av solskiva som ein ring rundt månen. Formørkinga vert då ringforma (annulær). I eit større område rundt totalitetssona vil sola vere delvis formørka (partiell formørking).
Formørkinga 20.mars er total langs ei smal stripe som strekker seg over Færøyane, Svalbard og delar av arktis.

Illustrasjon på solformørking.

Illustrasjon på solformørking.

Korleis observere sola på ein sikker måte
Sollyset er veldig sterkt og innheld mykje ultrafiolett stråling som er svært skadeleg for augene. Sjølv om sollyset etter kvart vert sterkt dempa, er mengda med UV-stråling framleis høg. Og sjølv om du klarer å dempe sollyset til behageleg nivå ved hjelp av meir eller mindre fornuftige metodar, så betyr det ikkje at du likevel observerer på ein sikkert måte. Tradisjonelt sett har folk bruk mange ulike metodar for å observere solformørkingar. Ueksponert film, sveisebriller og CD-plater er nokre av metodane.
IKKJE GJER DETTE!
Desse metodane slepp likevel gjennom store mengder med usynleg ultrafiolett lys, og dette kan skade auget (og synet) utan at du merkar det. Og desse skadane er irreversible! Så ikkje ta denne risikoen, bruk forsvarlege solfilter. Du kan òg projektere sollyset ned mot ei kvit overflata gjennom ein handkikkert (utan å sjå gjennom kikkerten). Dette er ein svært sikker metode, og bilete vert knivskarpt.

Solfilter med mylarfilm for teleskop

Solfilter med mylarfilm for teleskop

Solformørkingsbriller er 100% sikre, og gjev ei flott oppleving. Filtera i desse består enten av ein sølvaktig mylarfilm som minnar om tynn aluminiumsfolie, eller eit svart filter som ser ut som svart plast. Desse filtera kan du òg få som ark i A4-storleik slik at du sjølv kan lage deg filter til handkikkerten eller teleskopet ditt. Denne typen filter tåler ikkje så mykje røff handtering, så hugs å sjekke om filteret er tett. Hold det opp mot sola og sjå på skuggen. Dersom du ser små lysande prikkar i skuggen, så er det truleg ørsmå hol i filteret. Då må du skifte det.

Solformørkingsbriller

Solformørkingsbriller

Du får òg kjøpt ferdige solfilter som er tilpassa teleskop i ulik storleik. Enkelte av filtera består av glas, og er såleis litt meir robuste. Glasfiltera gjev ofte eit bilete med ein gulaktig fargetone, sjølv om du òg får variantar med eit svart/kvitt eller blålig bilete. Ved hjelp av solfilter studerer du sola sin fotosfære, den nederste delen av solatmosfæren. Kromosfæren ligg lenger ute, og kan kun studerast under totaliten eller ved bruk av eit spesielt H-alpha-filter.

Solfilter av glas for teleskop

Solfilter av glas for teleskop

Totaliteten
For dei som befinn seg i totalitetssona (td på Svalbard), så er den totale fasen sjølve krona på verket. Om dette er di første totale formørking, så er det vanskeleg å forklare kva som møter deg. Men kaldfrysing ned over ryggen, hår som reiser seg på armane, eit tåre i augekroken og høglydt gauling frå tilsynelatande edru og oppegåande folk er heilt normalt! Ei total solformørking er ei av dei desidert sterkaste naturopplevingane ein kan få med seg, og eit augeblikk ein aldri gløymer.
Det heile startar med at siste delen av sola forsvinn bak månen. Denne fenomenet vert kalla diamantringen, fordi siste del av sola strålar ut frå måneskiva, med sola sin korona etterkvart synleg rundt månen. På grunn av at randa på månen består av fjell og krater, vil du kunne oppleve at solsigden brått delar seg opp i fleire små lysande punkt etterkvart som siste rest av sola forsvinn bak fjella på måneranda. Dette fenomenet vert kalla Baily’s beads.

Bailys Beads, med den raude kromosfæren synleg rundt måneranden.

Baily’s beads, med den raude kromosfæren synleg rundt måneranden. (Foto: Runar Sandnes)

Når sist del av sola forsvinn, ser du i eit kort augeblikk ei raud rand rundt månen. Dette er solaskiva sin øverste atmosfære, kromosfæren. Om du er heldig, får du sjå sola sine enorme gassløkker som strekk seg ut frå solskiva. Dette er protuberansane, og desse er normalt kun synleg gjennom spesielle H-alpha filter. Om du har eit solteleskop frå Lunt, så kan du sjå desse protuberansane dagleg. (Sidan kromosfæren ligg lenger ute enn fotosfæren, vil du kunne sjå månen dekke over denne delen av atmosfæren før du ser den i dei vanlige solfiltera).

Protuberansane som strekk seg ut frå måneranden

Protuberansane som strekk seg ut frå måneranda. (Foto: Runar Sandnes)

Når siste del av sola forsvinn bak solskiva, ser du brått sola sin korona som strekk seg fleire soldiameterar ut frå sola. Dette er eit fantastisk syn, og på dette tidspunktet kan (og BØR) du ta vekk solfilteret. No er det trygt å observere formørkinga utan filter, dette gjeld òg gjennom teleskopet. Under solmaksimum vil koronaen ofte har mange synlege strålar langt ut utover himmelen i ulike retningar. Under solminimum er koronaen meir jevn fordelt rundt.

Spesiell redigering av den totale fasen, for å få fram strukturen i koronaen.

Spesiell redigering av den totale fasen, for å få fram strukturen i koronaen. (Foto: Runar Sandnes)

I bildet over er bildet prosessert med ein spesiell teknikk for å få fram detaljar i sola sin korona. Sidan sola sin korona er forma av sola sitt magnetfelt, ser vi her tydeleg nord- og sørpolen på sola (oppe kl 13 og nede kl 19). Legg òg merke til månen som dekkar sola. Kraftig redigering får her fram ein blåfarge. Denne er faktisk reell, og kjem frå reflektert solys frå jorda sine hav. Du ser òg faktisk enkelte av strukturformene (hava) på månen. Ganske tøft!
Når den totale fasen nærmar seg slutten, merkar du at det vert lysare på motsatt side av månen frå der sola sist var synleg. Om du ser antydning til protuberansane og kromosfæren, er det på tide å leite fram solfilteret. Det går fint å fotografere Baily’s beads og diamantringen gjennom teleskopet, men du må aldri observere visuelt utan filter når fotosfæren til sola er synleg! Når diamantringen er ferdig, må filteret settast på teleskopet som du ev. brukar til fotografering.

Spesielle fenomen
Skarpe skuggar
Sjølv om det er spennande å studere sola gjennom solfilter, så er det òg andre fenomen som ein bør få med seg.
Etter kvart som sola blir meir og meir formørka kan ein snu seg rundt og studere sin eigen skugge. Ein vil no sjå at skuggane stadig vert skarpare. Dette skuldast at sollyset kjem frå eit stadig mindre areal på himmelen, noko som fører til at lyset vert hardare. Samanlikn det gjerne med studiobelysning der ein brukar ein softboks for å få stor overflate på lyskjelda (og dermed mjukare lys med meir innfylling i skuggepartia), og når ein brukar ein snout/bikube på lyskjelda for å få meir punktlyskjelde (hardt lys med skarpe skuggar og store kontrastar). Du kan òg merke at når solskiva kun er ein avlang sigd, så vil skarpheten variere alt etter kva retning du held objektet som skapar skuggen i. Like før totaliteten, når solsigden etterkvart vert forvandla til eit mindre og mindre punkt, vil skuggane bli knivskarpe!

Solsigdar
Når solsigden er blitt tydeleg på himmelen, kan du legge hendene dine saman slik at fingrane dine kryssar kvarandre i 90 graders vinkel. Det vert då små glipper mellom fingrane. La sollyset falle på fingrane, og sjekk skuggen du får. Du vil no sjå ei rekke med solsigdar på bakken (eller der du lar sollyset falle). Mellomrommet mellom fingrane fungerer som eit pinhole i eit pinholekamera, og projekterer bilete av solsigden på bakken. Meir perfekt bilete får du ved å halde opp td. ein 5-kroning med hol i. Sjølve 5-kroningen vil danne ein skugge, og midt i denne skuggen vil du få eit nokså skarpt bilete av solsigden! Og dersom du står under eit tre med lauvverk eller tett trekrone, så legg gjerne ut eit kvitt handkle på bakken og sjå kva som viser seg. Ei heil rekke med solsigdar, projektert gjennom lauvverket!
Mange solglade amatørastronomar har med seg ei fiskeause (med massevis av små hol) når det er solformørking. Ausa gir ein veldig god og rask illustrasjon på fenomenet, sjølv om det kan sjå litt rart ut med fiskeause i fotoveska.

Solsigdar danna ved gjennomlysing av lauvverk.

Solsigdar danna ved gjennomlysing av lauvverk. (Foto: Runar Sandnes)

Her er eit bilete frå den totale formørkinga i Tyrkia i 2006, der eg nettopp fekk observere skarpe solsigdar gjennom lauvverket på trea. Det var fascinerande å sjå kor skarpe desse solsigdane faktisk var!

Det spesielle lyset

Sola er så lyssterk at det er vanskeleg å merke tapet i lysstyrke under den partielle fasen. Samstundes kompanserer auget vårt lystapet ved å auke diameteren på pupillen. Ein sensitiv lysmålar vil derimot vise små endringar i lysstyrka på ein meir objektiv måte. Det er først når vi passerer 90% formørking at ting tek til å skje. Om du legger merke til det, vil du få eit litt spesielt lys. Det er nesten som om naturen mistar litt av fargane, og får eit sølvaktig slør.

Det som skjer er at sollyset vert stadig svakare etter kvart som arealet på den lysande solskiva vert mindre. Sola sin ytre atmosfære, koronaen, strekker seg fleire soldiameterar ut frå sola. Men denne delen av solatmosfæren er lyssvak, og er til vanleg for svak til å kunne observerast frå jorda. Dette skuldast at sollyset overstrålar denne. (Under den totale fasen vil vi sjå den fantastiske koronaen stråle ut frå sola med omlag samme lysstyrke som  fullmånen.) Mot slutten av den partielle fasen vil lyset frå koronaen etterkvart ta over for det direkte sollyset. Koronalyset er nokså monokromatisk på farge, og vil difor lyse opp landskapet på ein rar måte. Det er ikkje ei veldig stor effekt, men du merkar at det er noko spesielt som skjer med lyskvaliteten.
Like før formørkinga blir total vil sollyset stråle ut frå eit stadig mindre punkt på himmelen, og du opplever sollyset nesten som ein sveiseflamme. Veldig spesielt lys, veldig skarpe skuggar og veldig spennande stemning!

For dei som opplever totaliteten, kan det vere lurt å ta seg ein rask kikk rundt like før den totale fasen startar. Om du står på eit høgdedrag, vil du kunne sjå måneskuggen komme rasande mot deg frå horisonten med ein hastighet på omlag 3000 km/t. Under totaliteten vil himmelen rundt sola vere mørk, og det er nokså lett å sjå både Venus, Merkur og nokre lyssterke stjerner. Horisonten rundt deg vil sjå ut som ein solnedgang, med vakre raude fargar. Nokre vil kanskje påstå at fuglane sluttar å synge, men det var vanskeleg å høyre på grunn av jubling og entusiastisk gauling!

Horisonten under den totale fasen. (Foto: Hanne Karin Sunde)

Horisonten under den totale fasen. (Foto: Hanne Karin Sunde)

Skuggeband
Dette er eit fenomen som nesten ser ut som dei flakkande skuggane vi ser i botnen av eit svømmebasseng. Dei opptrer like før, og like etter totalitetsfasen, og skuldast at den tynne solsigden opptrer nærast som ei anisotropisk lyskjelde. Lysstyrka varierer litt på langs av sigden. Når lyset så vert broten i atmosfæren vår, vil lyset bli forsterka/forminska i luftlaga (linseverknad). Dette fenomenet er ikkje så lett å få med seg, då kontrasen er veldig lav. Ein ser det kanskje enklast mot ei kvit rein overflate (bygningsfasade etc) som eit litt flakkande lys.

Fototips
Ei solformørking, og særleg den totale fasen, er ei visuell stor oppleving. Prioriter å oppleve denne visuelt!
Om du skal fotografere, så bør du ha full kontroll over utstyr og innstillingar. Dette er ikkje tidspunktet til å fikle og fomle! Ein ev. total fase bør tørrtrenast på, og eit ark med tidspunkt og innstillingar er ikkje dumt! Spesielt under ein total fase er det viktig å få med seg det fantastiske synet!
Då eg opplevde formørkinga i Tyrkia i 2006, hadde eg med meg ein 80mm apokromatisk refraktor på eit solid fotostativ, solfilter og Canon 20D med fjernutløysar. Refraktoren (linseteleskopet) hadde ei brennvidde på 600mm (f/7.5), noko som gav eit fint utsnitt på himmelen. Ein kan godt velge eit teleskop med lavare brennvidde for å få med meir av koronaen, men då mister ein oppløysing på fenomena langs måneranden. Kamera med fullformatbrikke vil ha større synsfelt, og kan såleis vere ein fordel. Du treng ikkje eit linseteleskop for å fotografere, vanleg tele-/zoomoptikk vil fungere fint!

Stille før stormen. (Foto: Hanne Karin Sunde)

Stille før stormen, underteikna er i gang med utstyrsrigginga. (Foto: Hanne Karin Sunde)

Under den partielle fasen kan du bruke samme eksponeringstider. Sett lav ISO, og velg blendaren der objektivet ditt er skarpast. Bruk speillås og fjernutløysar for å minimere vibrasjonar. Og vèr nøye med fokus, her er det kun manuell fokus som gjeld! Bruk LCD-skjermen til fokusering, slik at du får skarpast mogleg bilete.

Under den totale fasen er det snakk om verkeleg kjappe eksponeringstider under diamantringen og Baily’a beads. Vi snakkar om tusendels sekund. Etter kvart som solskiva forsvinn heilt kan du auke eksponeringstida gradvis. Målet er å få fotografere koronaen med mange ulike eksponeringstider. Kun ei lang eksponeringstid vil overeksponere den delen av koronaen som er nærast sola. Under formørkinga i Tyrkia låg eg rundt 1/15 sek, men varierte alt frå 2 sekund til 1/4000 sekund. Her må du berre ta eit rikeleg utval med eksponeringstider; du har ikkje tid til å korrigere og evaluere mykje undervegs.
Om du fleire kamera, sett gjerne opp eit på stativ som kan ta timelapse undervegs. Då kan du få med deg lysendringane i horisonten og den generelle stemninga. Og videokamera er gull verdt, om du har eit! Berre lyden av det som skjer rundt deg er minneverdig!

Sjekk gjerne ut vår solformørkelsesside på nettsida, der har vi lista opp ei rekke med aktuelle hjelpemiddel som lar deg studere formørkinga på ein trygg og spennande måte! 

Lykke til med formørkinga! Eg håpar vi får fine forhold over heile landet!
signatur_2