Tips for observasjonsøkta

Viktig med gode førebuingar ved lange observasjonsøkter.

Viktig med gode førebuingar ved lange observasjonsøkter.

For å få mest ut av observasjonsøkta,  er det lurt å gjere visse førebuingar. Små grep kan gjere ein stor forskjell, og kan forlenge tilgjengeleg tid for observering fleire timar.

Nattsyn
For å få gode observasjonar, er det viktig med god «lysdisiplin». Nattsynet vårt er ganske sårbart for sterke lyskjelder. Difor bør ein prøve å halde det så mørkt som mogleg på observasjonsstaden. Dersom du skal bruke lys (td for å lese stjernekart eller stille inn utstyr), bør dette lyset vert svakt og raudt på farge. Dette fordi raudt lys forstyrrar tappane i auget minst. Normalt tek det ca ein halv time for å få godt nattsyn. Det skal likevel ikkje meir enn ei skarp lommelykt til før nattsynet vert øydelagt for den neste 15-30 minutta. Du får kjøpt spesiallommelykter med raude lysdiodar, men du kan òg bruke ei vanleg lommelykt med raudt filter.

Kle og mat
Kle deg godt! Astronomi inneber oftast at du står lenge stille på samme plass. Når vinteren set inn for fullt, er ein termodress ei god investering, saman med ullundertøy, vottar, skjerf og noko varmt på haudet. Gode sko er særs viktig, det er lett å bli kald på beina! Ein kopp med varm kakao eller saft gjer underverk, både når det gjeld motivasjon, varme og energi. Alkohol og nikotin er ikkje lurt, då dette gjer at auget får mindre blod og pupillen vert mindre! Eit stort inntak av alkohol kan rett nok føre til at du ser stjerner, men då av eit anna kaliber.

Duggproblematikk
Av og til kan dugg vere eit stort problem for astronomiske observasjonar. Høg luftfuktighet fører saman med underkjøling til at det kan danne seg dugg og is på teleskop, linser og okular. Dette er vanskeleg å fjerne, men igrunnen ganske lett å forebygge. Når du peikar teleskopet ditt mot nattehimmelen, peikar du mot ein plass der det er særdeles kaldt (-270 grader). Det som skjer, er at mangelen på varmestråling frå verdensrommet rett og slett kjøler ned kikkerten din til ein temperatur under den lufttemperaturen som er på staden. Dermed vert utstyret underkjølt og fører raskt til at fuktighet blir kondensert på utstyret. Korleis unngår du dugg? Det er generelt sett to måtar:

  • Unngå at fuktigheten vert for stor i nærleiken av linser

Ved å lage ei duggkappe av td eit liggeunderlag, kan du isolert delar av teleskopet, samt området framfor okularet eller spegelen. I ein vanleg reflektor ligg spegelen heilt i enden av eit rør. Dette fører til at primærspegelen sjeldan duggar. Derimot kan sekundærspegelen, samt korrektorlinser og objektiv på linsekikkertar dugge ganske raskt dersom dei får stå i direkte kontakt med den kalde lufta. Ofte kan duggkappa framme på teleskopet vere kvit av rim, medan sjølve optikken er heilt tørr. Då veit du at prinsippet fungerer!

  • Unngå at utstyr blir underkjølt.

Okular kan du godt oppbevare i plastemballasjen sin, som du puttar i lomma på jakka di. Varmen frå kroppen din er oftast nok til å heve temperaturen til over duggpunktet. Du får òg kjøpt elektriske duggfjernarar som vert plassert rundt opningen på teleskopet. Desse går på straum og varmar opp opningen nok til at fuktigheten ikkje får satt seg.

Satellittbilete
Mange amatørastronomar baserer seg på satellittbilete når dei skal planlegge observasjonsøkta. Vanlege vèrmeldingar frå TV eller radio er sjølvsagt oftast ganske nøyaktige, men desse viser kun regionale tendensar og utsikter. Som regel er dei lokale forholda minst like viktige for korleis dei observatoriske forholda vert på akkurat DIN lokalitet. Terrengformer, terrengtypar, vegetasjon, høgde over havet, lokale vinforhold, avstand til innsjø/hav er nokre av parameterane som kan spele inn på forholda. Dette vert omtala seinare i teksten.

Satellittbilete av Noreg kan ein i hovudsak sjå på Det Norske Meteorologiske Institutt sine heimesider. Slike bilete kan innehalde ulik form for informasjon, alt etter kva instrument og bølgelengder som vert brukt. Til vanleg er det tre typar bilete, visuelt lys, infraraudt lys og vassdamp.

Bilete i visuelt lys er lette å tolke, men kan berre brukast i dagslys. For bruk på kvelden eller natta er infraraudt lys (varmestråling) betre, då dette ikkje er avhengig av lys frå sola. Vassdamp- bilete kan ikkje brukast til å følge skyer, men viser derimot den totale luftfuktigheten i luftmassa. Sidan luftfuktigheten sterkt kan korrelerast til transmissiviteten, er dei mørkaste områda på slike bilete knytt til lokaliteter med gode observasjonsforhold (når det gjeld grad av mørk himmel).

IR (infraraude) bilete vert ofte knytt saman i tidssekvensar, slik at du kan sjå ein animasjon over rørsla i skydekket dei siste x timar. Dette er ei svært nyttig teneste, då ein kan sjå rørsler i forhold til bakken. Det er ofte vanskeleg å berre tolke ut i frå eit bilete.

Lokale vèrforhold
Dei lokale forholda kan ofte gjere store utslag på korleis optisk utstyr fungerer. Her er ei oversikt:

Stratus-skyer vert som regel danna ved nedkjøling om natta, og fordampar når sola varmar om dagen. Slike skyer kan oppstå svært lokalt og bevegar seg langsomt. På kysten vil vi ofte sjå slike skyer komme lågt innover landet om kvelden, og utover mot havet om morgonen.

Stratusskyer

Stratusskyer

Cumulus og Cumulonimbusskyer vert danna om dagen av varmekonveksjon når det er ustabile luftmasser. Slike skyer kan strekke seg høgt opp, heilt til 20.000m for store tordenbyger. På satellittbileter ser vi slike skyer bli danna frå intet, og som regel løyser dei seg opp mot kvelden. Vind frå slike tordenceller kan råke ein sjølv om ei er langt unna skyene.

Cumulusskyer

Cumulusskyer

Store flater med stein, asfalt, betong og liknande held lenger på varmen og kan såleis skape lokal turbulens lenge etter at sola har gått ned. Unngå å observere frå slike plassar. Grasplenar, skog og lynglandskap er betre, sidan store deler av den lagra energien vert frigjeven som varmestråling i løpet av kortare tid.

Høgda over havet er som oftast ein svært viktig faktor. Dess høgare du kjem, dess meir av atmosfæren får du under deg. Den tjukkaste delen av denne ligg ved overflata, så dersom du kjem deg nokre hundre meter opp slepp du den «verste grumsen».

Unngå å observere ved foten av eit fjell eller liknande, vinden kan her vere svært vekslande, noko som fører til turbulens.

Vatn, innsjøar eller hav kan produsere store mengder vassdamp dersom temperaturen mellom luft og vatn er stor. Slik vassdamp fører til dårlege forhold for deep sky-observering. Månen og planetar kan av og til dra nytte av vassdampen, då denne kan fungere som eit nøytralt gråfilter som dempar den verste overstrålinga. Slike forhold kan òg til tider føre til lokalt ganske lite turbulens.

Observering i by/tettstad-nære strøk kan vere ei utfordring pga lysforureining. Særleg går dette ut over svakare objekt som galaksar, hopar og tåker, medan månen og planetane i liten grad vert påverka av dette. Ein skal likevel vere oppmerksam på at tettstadar ofte fører til stor lokal turbulens pga oppvarming.

Du kan òg få problem dersom temperaturen endrar seg raskare enn teleskopet klarer å reagere. Under slike forhold kan varmesirkulering frå teleskopet føre til at den lokale «seeingen» vert dårleg (turbulens).

Cirrostratus-skyer kan bidra til at temperaturen ikkje endrar seg i stor grad, noko som eliminerer effekten av lokal seeing. Skyene er så tynne at sola skin igjennom, stundom får sola ein halo danna av refleksjonar i iskrystallar i desse høgtliggande skyene.

Cirrostratusskyer

Cirrostratusskyer

Mykje snø på bakken fører til at meir av omkringliggande lys vert reflektert attende til atmosfæren. Dette skapar ofte problem med lys nattehimmel (fuktigheten i lufta reflekterer/spreier lyset).