Armasight Spark

I årevis har utviklinga og forbetring av generasjon 1-nattkikkertar for konsumentmarkedet stått stille. Med Armasight sin nye CORE (Ceramic Optical Ruggedized Engine)-teknologi for bildeforsterkning er randforvrenging av biletet kraftig redusert, sensitiviteten dramatisk forbetra, og best av alt; oppløysinga er nesten dobla. Vi har testa Armasight Spark med CORE-teknologi.

Armasight Spark m/ ekstra IR-lys.

Armasight Spark m/ ekstra IR-lys, seint ein vakker haustkveld.


Vitale data
1x forstørring, 35mm lysopning, oppløysing på 70 linjer/mm, 35 graders synsfelt, 8mm utgangspupill, 20mm pupillavstand.

Vekt og storleik
Armasight Spark veg omlag 400 gram, og er 16cm lang. Nattkikkerten ligg godt i handa, og er komfortabel under lengre tids bruk.

Bildekvalitet
Dei fleste nattkikkertar vert brukt ved låg forstørring, mange av dei har kun 1-3x. Dette skuldast at ein ofte brukar nattkikkertane til å få oversikt over ei stort område.
Typiske bruksområder til nattkikkertar er vakthald, vilttelling, overvaking av større områder og navigering på nattetid.
Armasight Spark har ein synsvinkel på 35 grader, noko som er tilstrekkeleg til å få god oversikt over terrenget.  Skarpleiken i biletet er veldig bra, og dette skuldast nok i stor grad den forbetra oppløysinga til CORE-teknologien. 70 linjer/mm er nesten dobbel av det som er vanleg for standard generasjon 1, og er fullt på høgde med mange generasjon 2-nattkikkertar. Den store forskjellen finn du sjølvsagt i den geometriske forvrenginga av biletet. Denne er framleis godt synleg på Spark. Men forvrenginga er på langt nær så sjenerande som på dei fleste andre gen 1 kikkertar, så her har Armasight gjort ein god jobb! Skal du har eit flatt bildefelt utan forvrenging, så må du over på generasjon 2; til ein heilt annan pris.

Eksempelbilde tatt gjennom Armasight Spark

Eksempelbilde tatt gjennom Armasight Spark

Eksempelbiletet over viser korleis den geometriske forvrenginga opptrer. Heilt ut mot kanten av synsfeltet er forvrenginga nokså tydeleg, men samanlikna med andre generasjon 1-modellar er ein større del av synsfeltet i sentrum ok korrigert.

Spark innheld ei innebygd IR-lampe som du kan bruke for å belyse terrenget under ekstremt mørke forhold, eller om du ynskjer høgare lysstyrke. Denne fungerer greit på nokså korte avstandar. Ynskjer du ytterlegare rekkevidde, kan du skru på ein ekstern IR-lampe. Desse finnast i to versjonar for Spark; ein med fast spredningsvinkel, og ein med variabel vinkel. Den med variabel er mest fleksibel dersom du ynskjer å kunne regulere mellom spiss stråle for lange avstandar, eller ein brei stråle for å dekke eit større synsfelt. Lysstyrka kan regulerast trinnvis på begge modellane. Dei eksterne IR-lampane er tilleggsutstyr.

Armasight Spark m/ekstra IR-lys montert.

Armasight Spark m/ekstra IR-lys montert.


Byggkvalitet
Spark har ein strålande byggkvalitet, med eit kikkerthus i polykarbonat. Dette gjer at finishen kanskje kan virke litt grov, samanlikna med andre modellar. Men det er nettopp dette som sørger for eit godt inntrykk; dette er ein modell som er laga for røft bruk. Dermed er mest mogleg ressursar lagt i robusthet og støtsikkerhet. I mørket er det uansett alle kattar grå.
Fokuseringa skjer ved å skru på objektivlinsa i front. I tillegg finst det ei diopterjustering ved okularenden av kikkerten. I hovudsak treng ein svært lite justering undervegs.

Tilleggsutstyr
Armasight kan tilby eit stort utval med tilleggsutstyr til Spark, mellom anna utstyr for hode/hjelmmontering, dagskikkertadapter (for å bruke din ekstisterande kikkert i kombinasjon med Spark), 3x afokalt adapter, samt foto-/videoadapter for å ta bilete eller filme gjennom nattkikkerten. Totalt utval finn du på Armasight sine nettsider. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Pris
For under kr 6000,- (5899,-) får du ein nattkikkert med sterkt forbetra generasjon 1-eigenskapar, med ny teknologi basert på generasjon 2. Etter vår vurderer er Armasight Spark ein av dei mest prisgunstige modellane med tanke på teknisk ytelse og kvalitet.

Generelt inntrykk
Armasight Spark er laga for å brukast aktivt. Den solide kroppen i polykarbonat er særdeles solid, og kikkerten er godt skrudd saman. Om du ynskjer forbetra ytelse enn generasjon 1, men utan å måtte gå opp i generasjon 2 (til meir enn dobbel pris), så vil Spark gi deg svært bra ytelse. Du har framleis litt geometrisk forvrenging av synsfeltet, men oppløysing og lyssensitivitet er i generasjon 2-klasse. Ein av våre mest prisgunstige nattkikkertar, med eit stort utval av tilleggsutstyr.

Sjå Armasight Spark i vår nettbutikk.