Messetilbud – Norsk Naturfotofestival

Under Norsk Naturfotofestival vil Dinkikkert.no være tilstede og tilby følgende tilbud til de fremmøtte gjestene:


Kowa Prominar XD 8×32
Før 4 899,- kroner – Nå 3 199,- kroner

Kowa Prominar XD 8×42
Før 5 299,- kroner – Nå 4199,- kroner

Kowa Prominar XD 10×42
Før 5 649,- kroner – Nå 4 399,- kroner

Steiner Observer 8×42
Før 3 049,- kroner – Nå 2 799,- kroner

Steiner Observer 10×42
Før 3 349,- kroner – Nå 2 599,- kroner

Steiner Ranger Xtreme 10×42
Før 7 029,- kroner – Nå 6 499,- kroner

Steiner Ranger Xtreme 8×56
Før 8 099,- kroner – Nå 6 999,- kroner

Pentax ZD 8×43 ED
Før 14 199,- kroner – Nå 11 499,- kroner

Pentax ZD 10×50 ED
Før 15 999,- kroner – Nå 12 999,- kroner


Ta turen innom vår stand for en hyggelig kikkertprat.

Vi deltar på Norsk Naturfotofestival

Fra fredag 17. mars til søndag 19. mars deltar Dinkikkert.no på Norsk naturfotofestival i Ski. Vi kommer til å ha stand sammen med Japan Photo i Follosalen i Thon Hotel Ski. I tillegg til fotomessen vil det være foredragsholdere og utstillinger fra flere kjente naturfotografer.

Dinkikkert.no kommer med messetilbud når det nærmer seg festivalstart.

Les mer om festivalen her: http://www.nnff.no/

Vanguard Endeavor ED II 8×42

Vanguard er ein relativt «ny» produsent av sportsoptikk historisk sett, grunnlagt i 1986. Merket er ikkje så kjent for kikkertar i Noreg, og dei fleste kjenner vel Vanguard som produsent av kamerastativ, kameravesker og liknande. I Dinkikkert var vi relativt ukjent med merket, men bestemte oss for å teste eit par av modellane etter å ha vore i kontakt med produsenten. Valet fall på Endeavor ED-serien, som no i år er komen i oppgradert versjon, ED II.

Vanguard Endeavor ED II 8x42

Vanguard Endeavor ED II 8×42


Vitale data
8x forstørring, 42mm lysopning, 5.25mm utgangspupill, 19.5mm augeavstand.

Vekt og storleik
Endeavor ED II er Vanguard sin high-end serie, med ein pris i mellomklassa. Serien er ein oppgradert versjon av Vanguard Endeavor ED, og omfattar tre modellar: 8×32, 8×42 og 10×42. Bortsett frå forstørring og opningsdiameter, har modellane samme funksjonalitet og konstruksjon. Vekta ligg på 770 gram, men kikkerten kjennast ikkje på langt nær så tung. Dette skuldast truleg at kikkerten er veldig godt balansert. Storleiken er som forventa for denne klassa.

Bildekvalitet
8×42 ED II har eit synsfelt på 126m pr 1000m. Dette er veldig bra, sjølv om det finst modellar med endå større synsfelt.  Eit større synsfelt er ikkje nødvendigvis utelukkande positivt, noko vi skal sjå nærare på. Okulara har ein tilsynelatande innsynsvinkel på ca 58 grader.
Skarphet er eit av dei viktigaste optiske kriteria. Og her snakkar vi ikkje berre om skarphet i sentrum, men i kva grad skarpheten held seg utover i synsfeltet. Du får mindre glede av eit stort synsfelt, dersom det syner seg at skarpheten kun er bra i 65% av synsfeltet. Slørete bildekantar øydelegg mykje av gleda med ein kikkert, sjølv om kikkerten er skarp i sentrum. Difor gledar ED II oss stort; det er knapt mogleg å sjå endring i skarphet i synsfeltet! Kikkerten er sylskarp heilt ut til bilderanda, og dette løfter automatisk opplevelsen av synsfeltet opp på eit høgare nivå! Dette hadde vi ikkje forventa på ein kikkert i denne prisklassa, ja sjølv ikkje på dyrare modellar. Forskjellen mellom ED og ED II er lett å sjå akkurat på dette punktet.
Når det gjeld fargekorrigering, fargestikk og kromatisk aberasjon er ED II heilt i øverste klasse. Kikkerten gir eit naturleg og nøytralt inntrykk, med minimalt av lysbrytingsfenomen langs kontrastovergangane. Vi har testa denne hardt mot nådelause testobjekt (radiomaster, flaggstenger og hustak), og denne kikkerten leverer langt over forventning. Forskjellen mellom ED og ED II er her lett synleg, utan at det betyr at ED er dårleg! Forklaringa finn vi truleg i ED-elementa som er nytta i denne oppgraderte modellen. Vanguard har her brukt optikk frå japanske Hoya, som er kjent for å vere ein av dei beste japanske optikkprodusentane. Dette skiftet i optikk har verkeleg gitt effekt.
Ein annan viktig optisk eigenskap er fortegning, dvs korleis geometrien i synsfeltet vert bevart. Ein god måte å sjekke dette på er å studere rette linjer i bakgrunnen. Hustak, flaggstenger og horisonten er mykje brukt som testobjekt. Den mest vanlege fortegninga er tønnefortegning. Dette betyr at rette linjer har det med å vende utover mot bildefeltet når du bevegar linja utover mot kanten av synsfeltet. Som oftast er ikkje grad av fortegning kritisk, men ein godt korrigert kikkert vil gi eit meir behageleg bilete. På ED II er fortegninga veldig godt korrigert; veldig godt! Du ser den, men vi snakkar her om fortegning på eit nivå du som oftast kun finn hjå dyrare modelllar.
Motlyseigenskapane er god på ED II. Dette skuldast god overflatebehandling på linseoverflatene, god indre strølysdemping, og det faktum at frontlinsene ligg god beskytta innanfor enden på kikkertrøret.

Utgangspupill

Utgangspupill

Byggkvalitet
Endeavor ED II brukar som sin forgjengar ED ein open konstruksjon, noko som både sparar vekt og gir eit godt og fleksibelt handgrep. Kikkerten er dekka av solid gummiarmering, og ED II har litt mindre struktur enn forgjengaren ED. Likevel er grepet behageleg, og utan at gummien kjennast for ru. Chassiet er støypt med anvisning til tommelen, nok som hjelper til med å finne ideell plassering for god balanse. Sjølve kikkerthuset er i magnesium, og dette omfattar òg fokuseringshjul og augemuslingar. All mekanikk er jevn og presis, og virkar godt skrudd saman.
Fokuseringa er rimeleg snever, med full fokusspennvidde på 3/4 omgang. Normalt ville dette bekymra oss litt, då det av og til kan vere vanskeleg å få presis fokusering. Men ikkje med ED II. Det er fantastisk å kunne dra fokusen over heile registeret, og SÅ presist legge fokusplanet på ønska objekt. Fokushjulet er òg nokså stort, noko som gjer det lett handterbart med hanskar eller vottar på.
Augeavstanden på 19.5mm gjer kikkerten ideell for dei som brukar briller. Augemuslingen kan dessutan justerast til fire posisjonar, med klikk-stopp. Kikkerten har diopterjustering med skala på høgre okular, og justeringa er låsbar med ein ganske fiks låsefunksjon. Denne fungere veldig bra, og justeringsskalaen gjer det òg mogleg å huske si eiga personlege innstilling, dersom det er fleire som brukar kikkerten fast.

Dipoterjustering med låsing

Dipoterjustering med låsing

Nærgrensa er oppgitt til 2m, men vi måler denne til ca 1.7m. Dette må seiast å vere veldig bra. Kikkerten er godt vèrtetta, og er sjølvsagt fyllt med nitrogengass for å forhindre dugg på innsida av optikken. Dette er ein kikkert du kan ta med deg i alle typar vèr, utan å bekymre deg for dugg og lekkasjar.
Kikkerten kjem med objektivlokk som henger fast i kikkertrøret, og desse er lette å ta av og på. Lokk for okulara følger òg med, og denne kan du feste i medfølgande kikkertreim om du ynsker. Vanguard har forresten livstidsgaranti på sine kikkertar. Dette betyr mykje for deg som kjøpar. Opplever du problem med kikkerten under normal bruk, så tar du kontakt med forhandlar og så blir dette tatt hand om.

Pris
Dette er ein kikkert som godt kunne ha vore i ei høgare prisklasse. Difor er det særdeles hyggeleg at vi kan tilby denne for rundt 4000,- (alt etter type modell). Den eldre ED-modellen er litt rimelegare, og er òg eit særdeles godt val. Det er sjølvsagt litt forskjell på seriane, men den gamle serien er likevel meget oppegåande.  ED-serien har litt fleire modellvariantar enn ED II, men det skulle ikkje undre oss om det kjem fleire modellar i ED II-serien etterkvart.

Objektivlokk

Objektivlokk


Generelt inntrykk
Vanguard leverer her ein glimrande kikkertserie, med optiske og mekaniske eigenskapar som vi i utgangspunktet først forventar i ei høgare prisklasse. Når vi snakkar om randskarphet og fortegning, er denne kikkerten særdeles oppegåande. Ergonomisk er kikkerten ein nytelse i bruk, og vi føler dette er ein kikkert vi kan anbefale til krevande og aktivt bruk. Noko negativt? Tja, gummien på augemuslingane er kanskje litt for klebrig, men strengt talt vert det bagatellar. Særleg i denne prisklassa. I den grad vi kan bruke merkelappen «Beste kjøp», så er den definitivt klistra på denne kikkertserien! Kan anbefalast på det sterkaste!

Sjå Vanguard Endeavor ED II i vår nettbutikk.

Pentax Marine 7×50

Har du båt, bør definitivt ein kikkert for marint bruk stå på inventarlista. Enten som hjelpemiddel under navigering, oversikt over andre båtar, studere landskap eller for å sjå kva sluk nabobåten fekk storruggen på. Marine kikkertar er som skapt for aktivt bruk under krevande forhold. Pentax Marine 7×50 Hydro er ein av våre bestselgande båtkikkertar.

Robust kikkert til marint bruk.

Robust kikkert til marint bruk.

Vitale data
7x forstørring, 50mm lysopning, 7 mm utgangspupill og 17 mm augeavstand.

Vekt og storleik
Med sine 976 gram, er Pentax Marine ein nokså tung kikkert. Likevel har denne tyngda ei stabiliserande evne på sjøen, og gjer sitt til at det vert enklare å halde kikkerten stabilt (kikkerten får større «treghet»). Tyngda gir òg kikkerten eit solid inntrykk, og den kjennast godt balansert i handa.

Bildekvalitet
Pentax Marine har synsfelt på 116 meter, noko som kanskje virkar litt lite for ein 7x. I praktisk bruk betyr det ikkje så mykje, men samanlikna med eindel andre kikkertar kan synsfeltet virke litt smalt. Men skarpheten er god i store delar av synsfeltet, og kromatisk aberasjon er bra korrigert samanlikna med tilsvarande kikkertar i denne prisklassa. Dei fleste båtkikkertar har normal vore av porroprimse-typen. Pentax Marine er ein takkantprisme-modell, noko som gjer at bildet ikkje får like god djubdevirkning. Men konstruksjonen gjer kikkerten veldig kompakt, og er såleis eit friskt pust i marinkikkert-verden. Den har litt tønnefortegning, men likevel virkar synsfeltet veldig ok korrigert.
Med 50m lysopning, sørger kikkerten for ein maksimal utgangspupill på 7 mm. Dette sørger for ein svært lyssterk kikkert, som òg vil gi gode observasjonar lagt utover skumringa. Kikkerten brukar Pentax sin anerkjente 7-lags SMC-coating, som sørger for god lystransmisjon gjennom heile det synlige spekteret.

Her ser vi tydeleg utgangspupillen på 7mm.

Her ser vi tydeleg utgangspupillen på 7mm.

Byggkvalitet
Takkantkikkertar er eindel meir kompakte enn porroprismer, og dette merkast på Pentax Marine. Samanlikna med td. Steiner Navigator (ein av dei mest bruke marine modellane), så er Pentax Marine riktig så kompakt. Kikkerten er veldig solid bygd, og ein får eit godt førsteinntrykk. Gummiarmeringa er solid og robust, og sikrar at kikkerten er godt beskytta mot støt og slag. I tillegg sørger armeringa for betre friksjon mot underlaget, noko som er ein fordel når kikkerten skal leggast frå seg i ein båt i bevegelse. Kikkerten fungerer ok for oss med briller, takke vere 17mm augeavstand. Fokuseringa er jamn og presis, men fokuseringshjulet kunne gjerne ha vore litt lettare å justere.
Dette er ein kikkert som er godt beskytta mot dei våte element. Den er sjølvsagt 100% vasstett, og kombinert med ei flytereim er det uproblematisk å miste denne over bord. Skyll i ferskvatn, og alt er ok. Pentax Marine har innebygd kompass med LED-illuminator.
Denne fungerer etter våre erfaringar veldig godt, og kompasskursen lar seg lese av nøyaktig. Ved å dreie på kikkerten ser vi òg at kompasset følger fint med i bevegelsane utan å rykke. Det skal dog nevnast at kompassfunksjonen fungerer best dersom kikkerten vert halden mest mulig horisontalt. Kompasskurs og sikteretikkel for avstandsmåling er synleg i det eine okularet, og påverkar ikkje synsfeltet i stor grad. Kompassfunksjonen er trass alt til for å brukast.

Solide beskyttelseslokk som heng fast i kikkerten.

Solide beskyttelseslokk som heng fast i kikkerten.

Kikkerten kjem med eigne beskyttelseslokk som heng fast ved objektivlinsene. Dette er ei god løysing som sørger for at du alltid har lokka tilgjengeleg. I ein båt er dette utstyr som fort kan rotast bort eller mistast over bord.

Pris
Denne kikkerten ligg rundt 2900 kr, og gir mykje båtkikkert for pengane. Den kompakte storleiken gjer dette til ein seriøst konkurrent til meir tradisjonelle modellar, som td. Steiner Navigator.

Generelt inntrykk
Ein av våre bestselgande båtkikkertar, og ikkje utan grunn. For denne prisen får du ein marin kikkert som er godt gjennomtenkt og utført, med høg optisk ytelse og god ergonomi. Dette er ein kikkert for aktivt bruk, og som taklar røffe forhold på ein god måte. Kikkerten finnast i to fargevariantar. Ein mørkeblå variant, og ein oransje variant. Pentax har lykkast med å lage ein god båtkikkert til ein rimeleg pris.

Sjå Pentax Marine 7×50 Hydro i vår nettbutikk.

Zeiss Conquest HD 8×42

Om det er ein kikkertserie som imponerer oss stort, så er det Zeiss sin Conquest-serie. I denne prisklassa gjev serien deg svært mykje kikkert for pengane. Vårt største ankepunkt er at ikkje fleire har oppdaga denne serien, for du finn knapt ein kikkert som gir deg betre optisk kvalitet i denne prisklassa.

Zeiss Conquest HD 8x42

Zeiss Conquest HD 8×42, for anledninga ein tur langs gamle Strynefjellsvegen.

Vitale data
8x forstørrelse, 42mm lysopning, 5.25 mm utgangspupill, 18 mm augeavstand

Vekt og storleik
Kikkerten ligg godt i handa og virkar godt balansert i bruk. Med sine 750 gram ligg den vektmessig normalt for klassa. Størrelsen er som forventa, og byggkvalitet og design er i høg klasse.

Bildekvalitet
Conquest HD 8×42 har eit generøst synsfelt på 128m/1000m. Kikkerten er herlig skarp, og skarpheten held seg veldig bra nesten heilt ut i kanten på bildefeltet. Litt tendensar til kromatisk aberasjon er synleg i dei mest ekstreme høgkontrastområda, men til vanlig bruk utgjer denne kikkerten ei naturleg forlenging av augene og «forsvinn» nesten i praktisk bruk. Når det gjeld fortegning, så er det tendensar til tønnefortegning heilt i utkanten av synsfeltet (nokså normalt i denne prisklassa). Men likevel er denne ikkje synleg og merkbar i bruk, med mindre du verkeleg ynskjer å stressteste den mot rette linjer. Veldig bra korrigert! Kikkerten taklar motlyssituasjonar veldig bra, og antirefleksbehandlinga gjer absolutt jobben sin. Om du samanliknar den med den dyrare Victory HT-serien, så kan du muligens merke litt svakare lystyrke i skumringa. Dette skuldast at Victory-serien har ein annan type glas med litt bedre lysgjennomtrenging. Men ellers er det ikkje så mykje som skiller desse seriane optisk.

Conquest likar seg godt i all situasjonar, og er ein kikkert som skal brukast aktivt!

Conquest likar seg godt i all situasjonar, og er ein kikkert som skal brukast aktivt!

Byggkvalitet
Conquest er av god, solid Zeiss-kvalitet og har solid gummiarmering for aktiv bruk. Kikkerten ligg godt i handa, og handgrepet kjennast naturleg ut. I motsetning til ein del andre produsentar, har serien ein kompakt senterbjelke som kanskje gir litt mindre valmulighet for handgrepet. Fokuseringshjulet kunne kanskje ha vore litt breiare, slik at ein hadde fått plass til fleire fingrar. Men fokuseringa i seg sjølv fungerer som ein draum, med silkemjuke rørsler, kontant respons og nesten magisk skarphet. Kikkerten har veldig god nærgrense, for dei som er opptatt av dette.
Augeavstanden er på 18 mm, og gjer dette til ein kikkert som fungerer veldig godt for dei som brukar briller. Augemuslingane er av twist-up typen, og fungerer bra. Som dei fleste andre modellar er vèrtettinga ypperleg, og Lotu-Tec belegget på frontlinsene sørge for at vatn og smuss ikkje festar seg så godt.

God yteevne òg utover skumringa.

God yteevne òg utover skumringa.

Pris
Prismessig ligg denne modellen i overkant av 6000,-. Conquest-serien består av mange ulike modellar, frå kompaktmodellar og opp til 15×56. Dei mest solgte er dog modellane 8×32, 8×42, 10×32 og 10×42.

Generelt inntrykk
Conquest er ypperlege allroundkikkertar, med 32mm modellane som eit lettare alternativ til dei lange fjellturane. Treng du litt meir lysstyrke, er 42mm eit betre val. Samanlikna med Victory-serien er Conquest litt mindre robust og manglar den siste ekstra lysstyrka (pga annan type optisk glas). Men til denne prisen får du utan tvil veldig mykje kikkert for pengane, og ikkje minst ein kikkert som kjem til å følge deg i mange, mange år. Conquest HD 8×42 er ein toppklassekikkert til ein mellomklassepris! Treng du 10x forstørring, er HD 10×42 minst like strålande. 

Sjå Zeiss Conquest HD 8×32 i vår nettbutikk. 

Kowa BD 8×32 DCF WP

Kowa BD 8×32 er ein kompakt og solid handkikkert til allsidig bruk. Fordelen med denne kikkertstorleiken er at den er meir lyssterk enn kompaktkikkertane (typisk 8×20), men fysisk mindre enn standardkikkertar (td. 8×42). Kikkerten er dermed ideell til tur i skog og fjell, men passar òg fint til jakt på ryper, skogsfugl og anna vilt. Dette er ein lett allround-kikkert med høg ytelse.

 

Kowa BD 8x32 DCF WP

Kowa BD 8×32 DCF WP

Vitale data
8x forstørrelse, 3 2mm lysopning, 4 mm utgangspupill, 15 mm augeavstand

Vekt og storleik
Med sin 560 gram ligg BD 8×32 omlag midt på treet. Vekta er med på å skape stabilitet, og i dette tilfellet kjennast kikkerten velbalansert ut. Både lengde og breidde er omlag 12 cm, noko som gjer den liten og kompakt. Kikkerten ligg godt i handa. Designmessig er Kowa kjent for stilreine kikkertar med duse fargar. Utsjånadsmessig er dette ein flott kikkert.

Bildekvalitet
Kowa BD 8×32 har 7.5˚ eller 131m/1000m synsfelt. Dyrare konkurrentar har større, men synsfeltet kjennast likevel behageleg ut. Kikkerten passar veldig godt til bruk på dagen, men vil naturleg nok miste litt lysstyrke i skumringa. Om du treng ein meir lyssterk modell, så er 8×42 eit bedre (men tyngre, større og dyrare) val.
Dette er ein skarp kikkert for prisklassa. Ein merkar at biletet vert meir sløra omlag 70% ut mot randa av synsfeltet. På vårt eksemplar er skarpheten litt dårlegare mot nedre og høgre rand, men utan at dette vert merkbart i dagleg bruk.
Kikkerten har litt kromatisk aberasjon i sterke kontrastområder, noko som er forventa i denne prisklassa. Men ellers har kikkerten god fargegjengiving, utan synleg fargestikk.
Litt tønneforteikning må ein rekne med (rette linjer bøyer seg utover mot randa av synsfeltet), men dette er noko ein som som regel kun merkar når ein studerer horisonten. Til vanleg bruk i naturen spelar ikkje dette inn på synsopplevinga.
Litt lav kveldssol gav oss sjansen til å sjekke motlyseigenskapane. Som forventa når ikkje Kowa BD 8×32 heilt opp med dei beste, men resultatet er likevel meir enn akseptabelt! Kikkerten har god innvendig baffling (innvendig struktur for absorbering av strølys), men vi skulle ønske at Kowa hadde brukt mattare overflatebehandling på innsida av kikkerttuba. Dette hadde truleg minska sløringa enno meir.

Byggkvalitet
Denne kikkerten kjennast veldig solid og robust ut, og alt av mekanikk er jamn og slarkfri.
Fokuseringsskruen gir grei motstand. Diopterjusteringa er kanskje i hardaste laget, men vil truleg gå seg til litt under bruk. Fordelen er at innstillingane ikkje endrar seg under bruk. Fokuseringa fell i ein naturleg posisjon for peikefinger utan at ein treng å tenke, og kikkerten fungerer fint for bruk med ei hand. BD 8×32 fokuserer til venstre mot uendeleg, noko som er vanleg for mange produsentar.
15 mm augeavstand burde gå bra folk oss som brukar briller, men personleg opplevde vi at ein mista litt av synsfeltet, sjølv med augemuslingane på  innerste stille. Om du brukar briller, så bør du teste ut dette før du kjøper. Det er mulig at du opplever det samme.
Kowa BD 8×32 har ei nærgrense på 1.5 meter, noko som må seiast å vere bra. Bruken av dette er litt avgrensa, men ein kan kome i situasjonar der denne eigenskapen vert nyttig.
Kikkerten er naturlegvis nitrogenfylt og vèrtetta, så du bør ikkje vere redd for å bruke denne under krevande forhold! Objektivlokka som følger med sit godt på, men vi trur nok erfaringsmessig ikkje desse kjem til å bli bruk så mykje. Dette er ein kikkert du vil bruke mykje, og som dermed ein med fordel bør ha «klar til bruk» i oppbevaringsetuiet (eller rundt halsen).

Kompakt kikkert som ligg godt i handa.

Kompakt kikkert som ligg godt i handa.

Pris
Med ein pris på rundt 4000,- er dette ein kikkert som ligg i mellomskiktet. Om du brukar kikkert mykje, er det vel anvendt pengane. Ved normal bruk vil denne kikkerten gi glede i lang tid.

Generelt inntrykk
Kowa er ikkje eit særleg kjent merke i Noreg, men vert rekna som eit av dei store merka i Sverige. Dette har nok litt med historikk å gjere. Kikkerten vert laga i Japan, og alle delar har høg kvalitet. Kowa har eit stort utval av kikkertar i alle prisklasser, og har òg eit glimrande sortiment innan spottingskop. Om du treng ein solid og robust turkikkert som vil tene deg godt i mange år, så er Kowa BD 8×32 DCF WP eit ypperleg val.

Sjå Kowa BD 8×32 DCF WP i vår nettbutikk.