Messetilbud – Norsk Naturfotofestival

Under Norsk Naturfotofestival vil Dinkikkert.no være tilstede og tilby følgende tilbud til de fremmøtte gjestene:


Kowa Prominar XD 8×32
Før 4 899,- kroner – Nå 3 199,- kroner

Kowa Prominar XD 8×42
Før 5 299,- kroner – Nå 4199,- kroner

Kowa Prominar XD 10×42
Før 5 649,- kroner – Nå 4 399,- kroner

Steiner Observer 8×42
Før 3 049,- kroner – Nå 2 799,- kroner

Steiner Observer 10×42
Før 3 349,- kroner – Nå 2 599,- kroner

Steiner Ranger Xtreme 10×42
Før 7 029,- kroner – Nå 6 499,- kroner

Steiner Ranger Xtreme 8×56
Før 8 099,- kroner – Nå 6 999,- kroner

Pentax ZD 8×43 ED
Før 14 199,- kroner – Nå 11 499,- kroner

Pentax ZD 10×50 ED
Før 15 999,- kroner – Nå 12 999,- kroner


Ta turen innom vår stand for en hyggelig kikkertprat.

Vi deltar på Norsk Naturfotofestival

Fra fredag 17. mars til søndag 19. mars deltar Dinkikkert.no på Norsk naturfotofestival i Ski. Vi kommer til å ha stand sammen med Japan Photo i Follosalen i Thon Hotel Ski. I tillegg til fotomessen vil det være foredragsholdere og utstillinger fra flere kjente naturfotografer.

Dinkikkert.no kommer med messetilbud når det nærmer seg festivalstart.

Les mer om festivalen her: http://www.nnff.no/

Pentax Marine 7×50

Har du båt, bør definitivt ein kikkert for marint bruk stå på inventarlista. Enten som hjelpemiddel under navigering, oversikt over andre båtar, studere landskap eller for å sjå kva sluk nabobåten fekk storruggen på. Marine kikkertar er som skapt for aktivt bruk under krevande forhold. Pentax Marine 7×50 Hydro er ein av våre bestselgande båtkikkertar.

Robust kikkert til marint bruk.

Robust kikkert til marint bruk.

Vitale data
7x forstørring, 50mm lysopning, 7 mm utgangspupill og 17 mm augeavstand.

Vekt og storleik
Med sine 976 gram, er Pentax Marine ein nokså tung kikkert. Likevel har denne tyngda ei stabiliserande evne på sjøen, og gjer sitt til at det vert enklare å halde kikkerten stabilt (kikkerten får større «treghet»). Tyngda gir òg kikkerten eit solid inntrykk, og den kjennast godt balansert i handa.

Bildekvalitet
Pentax Marine har synsfelt på 116 meter, noko som kanskje virkar litt lite for ein 7x. I praktisk bruk betyr det ikkje så mykje, men samanlikna med eindel andre kikkertar kan synsfeltet virke litt smalt. Men skarpheten er god i store delar av synsfeltet, og kromatisk aberasjon er bra korrigert samanlikna med tilsvarande kikkertar i denne prisklassa. Dei fleste båtkikkertar har normal vore av porroprimse-typen. Pentax Marine er ein takkantprisme-modell, noko som gjer at bildet ikkje får like god djubdevirkning. Men konstruksjonen gjer kikkerten veldig kompakt, og er såleis eit friskt pust i marinkikkert-verden. Den har litt tønnefortegning, men likevel virkar synsfeltet veldig ok korrigert.
Med 50m lysopning, sørger kikkerten for ein maksimal utgangspupill på 7 mm. Dette sørger for ein svært lyssterk kikkert, som òg vil gi gode observasjonar lagt utover skumringa. Kikkerten brukar Pentax sin anerkjente 7-lags SMC-coating, som sørger for god lystransmisjon gjennom heile det synlige spekteret.

Her ser vi tydeleg utgangspupillen på 7mm.

Her ser vi tydeleg utgangspupillen på 7mm.

Byggkvalitet
Takkantkikkertar er eindel meir kompakte enn porroprismer, og dette merkast på Pentax Marine. Samanlikna med td. Steiner Navigator (ein av dei mest bruke marine modellane), så er Pentax Marine riktig så kompakt. Kikkerten er veldig solid bygd, og ein får eit godt førsteinntrykk. Gummiarmeringa er solid og robust, og sikrar at kikkerten er godt beskytta mot støt og slag. I tillegg sørger armeringa for betre friksjon mot underlaget, noko som er ein fordel når kikkerten skal leggast frå seg i ein båt i bevegelse. Kikkerten fungerer ok for oss med briller, takke vere 17mm augeavstand. Fokuseringa er jamn og presis, men fokuseringshjulet kunne gjerne ha vore litt lettare å justere.
Dette er ein kikkert som er godt beskytta mot dei våte element. Den er sjølvsagt 100% vasstett, og kombinert med ei flytereim er det uproblematisk å miste denne over bord. Skyll i ferskvatn, og alt er ok. Pentax Marine har innebygd kompass med LED-illuminator.
Denne fungerer etter våre erfaringar veldig godt, og kompasskursen lar seg lese av nøyaktig. Ved å dreie på kikkerten ser vi òg at kompasset følger fint med i bevegelsane utan å rykke. Det skal dog nevnast at kompassfunksjonen fungerer best dersom kikkerten vert halden mest mulig horisontalt. Kompasskurs og sikteretikkel for avstandsmåling er synleg i det eine okularet, og påverkar ikkje synsfeltet i stor grad. Kompassfunksjonen er trass alt til for å brukast.

Solide beskyttelseslokk som heng fast i kikkerten.

Solide beskyttelseslokk som heng fast i kikkerten.

Kikkerten kjem med eigne beskyttelseslokk som heng fast ved objektivlinsene. Dette er ei god løysing som sørger for at du alltid har lokka tilgjengeleg. I ein båt er dette utstyr som fort kan rotast bort eller mistast over bord.

Pris
Denne kikkerten ligg rundt 2900 kr, og gir mykje båtkikkert for pengane. Den kompakte storleiken gjer dette til ein seriøst konkurrent til meir tradisjonelle modellar, som td. Steiner Navigator.

Generelt inntrykk
Ein av våre bestselgande båtkikkertar, og ikkje utan grunn. For denne prisen får du ein marin kikkert som er godt gjennomtenkt og utført, med høg optisk ytelse og god ergonomi. Dette er ein kikkert for aktivt bruk, og som taklar røffe forhold på ein god måte. Kikkerten finnast i to fargevariantar. Ein mørkeblå variant, og ein oransje variant. Pentax har lykkast med å lage ein god båtkikkert til ein rimeleg pris.

Sjå Pentax Marine 7×50 Hydro i vår nettbutikk.

Steiner Discovery 10×44

Dette er Steiner sitt flaggskip innan kikkertar for fuglekikking. Med sitt store synsfelt, sylskarpe optikk og gode ergonomi, er dette ein kikkert for komfortabel bruk under lange observasjonsøkter. Eit godt grep, kombinert med praktiske augemuslingar med sidelysbeskyttelse (i god gamal Steiner-stil), gjer dette til ein behageleg kikkert.

Steiner Discovery 10x44

Steiner Discovery 10×44

Vitale data
10x forstørrelse, 44 mm lysopning, 4.4mm utgangspupill, 20mm augeavstand.

Vekt og storleik
Ein kjenner dei 854 gramma, men samtidig gir vekta den ekstra stabiliteten som krevast med 10x forstørrring. Ein lettare kikkert vil ha mindre «treghet», og dermed eit meir ustabilt bilete. Kikkerten måler 18x12x6 cm, og ligg godt i handa med sitt «støypte» grep.

Skulpturert armering for bedre grep.

Skulpturert armering for bedre grep.

Bildekvalitet
Discovery 10×44 har synsfelt på 110m på 1000m avstand. Dette er nokså normalt for kikkertklassa, og litt bedre enn Leica Trinovid 10×42. 
Sylskarp optikk med veldig god randskarphet gjer dette til ein ypperleg kikkert for å observere små og krevande detaljar på fuglar og anna vilt. Den gode randskarpheten gjer det òg enklare å identifisere fuglar som passerer i utkanten av synsfeltet. Randskarpheten får det praktiske synsfeltet til å virke mykje større enn ein skulle forvente. Veldig positivt!
Kikkerten har eit godt korrigert bilete, med minimal fargefeil sjølv under krevande kontrastforhold. Fortegninga er normal for prisklassa, med litt tønnefortegning i utkanten av synsfeltet. Ingenting å kommentere på, til normalt bruk vert ikkje dette lagt merke til.
God overflatebehandling, og bra indre refleksjonsbeskytting gjer sitt til at denne modellen fungerer veldig godt i motlyssituasjonar.

God overflatecoating held indre refleksjonar i sjakk.

God overflatecoating held indre refleksjonar i sjakk.

Byggkvalitet
Steiner lagar solide kikkertar, dog kanskje med litt meir «dill» og overflatestrukturar enn andre merker. Dette inntrykket skuldast kanskje måten gummiarmeringa er formgitt på, tilpassa eit solid handgrep, inkludert støtte for tommel. Augemuslingane er av type twist-up, med oppbrettbare sidelysbeskyttelsar. Brillebrukarar må klare seg ut denne funksjonaliteten, då sidelysbeskyttelsen roterar med augemuslingen og såleis vert ståande på innsida av okularar i nedskrudd tilstand. Det positive er dog at dette er ein kikkert som passar ypperleg for brukarar av briller, vi får eit perfekt synsfelt og perfekt ytelse. Det er individuell diopterjustering på begge okulara, og justeringa held god på innstillingane sine.

Godt og naturleg handgrep.

Godt og naturleg handgrep.

Fokuseringsskruen sit perfekt til for peikefinger, og gangen på fokuseringa er jamn og veldig godt dempa. Ein merkar likevel stor forskjell ved samanlikning av Leica sine modellar, som gjerne har mindre motstand på fokuseringa. Vi skulle kanskje ønske at Steiner sin modell hadde litt mindre motstand, men dette er kanskje meir personlege preferansar. Prøv den og gjer opp di eiga meining.
Discovery 10×44 er sjølvsagt godt vèrtetta, som dei fleste andre modellar i denne prisklassa. Dette er ein kikkert som er laga for å brukast, aktivt! Den solide armeringa gjer kikkerten veldig robust, og vil dempe godt ved ev. fall.

Pris
Discovery 10×44 er ein av dei dyraste modellane til Steiner, men du får mykje ytelse for pengane samanlikna med andre merker. Rundt 13000,- ligg denne modellen på. Vi har samanlikna den med tilsvarande modellar frå andre produsentar, og her ligg den veldig godt an med tanke på kva du får for prisen.

Generelt inntrykk
Ei positiv overrasking, og ein kikkert som verkeleg strålar til sitt spesialfelt, fuglekikking.   Når alt kjem til alt handlar det mykje om personlege preferansar, og kanskje spesielt når ein snakkar om Steiner, med sine spesielle og eigne løysingar på mellom anna sidelysbeskyttelse og forming av grepet. Nokon likar det, andre foretrekk meir generell utforming. Men til sitt bruk, er Steiner Discovery 10×44 eit ypperleg val. Den finst òg i ein tilsvarande 8×44-variant.

Sjå Steiner Discovery 10×44 i vår nettbutikk.

 

Kowa BD 8×32 DCF WP

Kowa BD 8×32 er ein kompakt og solid handkikkert til allsidig bruk. Fordelen med denne kikkertstorleiken er at den er meir lyssterk enn kompaktkikkertane (typisk 8×20), men fysisk mindre enn standardkikkertar (td. 8×42). Kikkerten er dermed ideell til tur i skog og fjell, men passar òg fint til jakt på ryper, skogsfugl og anna vilt. Dette er ein lett allround-kikkert med høg ytelse.

 

Kowa BD 8x32 DCF WP

Kowa BD 8×32 DCF WP

Vitale data
8x forstørrelse, 3 2mm lysopning, 4 mm utgangspupill, 15 mm augeavstand

Vekt og storleik
Med sin 560 gram ligg BD 8×32 omlag midt på treet. Vekta er med på å skape stabilitet, og i dette tilfellet kjennast kikkerten velbalansert ut. Både lengde og breidde er omlag 12 cm, noko som gjer den liten og kompakt. Kikkerten ligg godt i handa. Designmessig er Kowa kjent for stilreine kikkertar med duse fargar. Utsjånadsmessig er dette ein flott kikkert.

Bildekvalitet
Kowa BD 8×32 har 7.5˚ eller 131m/1000m synsfelt. Dyrare konkurrentar har større, men synsfeltet kjennast likevel behageleg ut. Kikkerten passar veldig godt til bruk på dagen, men vil naturleg nok miste litt lysstyrke i skumringa. Om du treng ein meir lyssterk modell, så er 8×42 eit bedre (men tyngre, større og dyrare) val.
Dette er ein skarp kikkert for prisklassa. Ein merkar at biletet vert meir sløra omlag 70% ut mot randa av synsfeltet. På vårt eksemplar er skarpheten litt dårlegare mot nedre og høgre rand, men utan at dette vert merkbart i dagleg bruk.
Kikkerten har litt kromatisk aberasjon i sterke kontrastområder, noko som er forventa i denne prisklassa. Men ellers har kikkerten god fargegjengiving, utan synleg fargestikk.
Litt tønneforteikning må ein rekne med (rette linjer bøyer seg utover mot randa av synsfeltet), men dette er noko ein som som regel kun merkar når ein studerer horisonten. Til vanleg bruk i naturen spelar ikkje dette inn på synsopplevinga.
Litt lav kveldssol gav oss sjansen til å sjekke motlyseigenskapane. Som forventa når ikkje Kowa BD 8×32 heilt opp med dei beste, men resultatet er likevel meir enn akseptabelt! Kikkerten har god innvendig baffling (innvendig struktur for absorbering av strølys), men vi skulle ønske at Kowa hadde brukt mattare overflatebehandling på innsida av kikkerttuba. Dette hadde truleg minska sløringa enno meir.

Byggkvalitet
Denne kikkerten kjennast veldig solid og robust ut, og alt av mekanikk er jamn og slarkfri.
Fokuseringsskruen gir grei motstand. Diopterjusteringa er kanskje i hardaste laget, men vil truleg gå seg til litt under bruk. Fordelen er at innstillingane ikkje endrar seg under bruk. Fokuseringa fell i ein naturleg posisjon for peikefinger utan at ein treng å tenke, og kikkerten fungerer fint for bruk med ei hand. BD 8×32 fokuserer til venstre mot uendeleg, noko som er vanleg for mange produsentar.
15 mm augeavstand burde gå bra folk oss som brukar briller, men personleg opplevde vi at ein mista litt av synsfeltet, sjølv med augemuslingane på  innerste stille. Om du brukar briller, så bør du teste ut dette før du kjøper. Det er mulig at du opplever det samme.
Kowa BD 8×32 har ei nærgrense på 1.5 meter, noko som må seiast å vere bra. Bruken av dette er litt avgrensa, men ein kan kome i situasjonar der denne eigenskapen vert nyttig.
Kikkerten er naturlegvis nitrogenfylt og vèrtetta, så du bør ikkje vere redd for å bruke denne under krevande forhold! Objektivlokka som følger med sit godt på, men vi trur nok erfaringsmessig ikkje desse kjem til å bli bruk så mykje. Dette er ein kikkert du vil bruke mykje, og som dermed ein med fordel bør ha «klar til bruk» i oppbevaringsetuiet (eller rundt halsen).

Kompakt kikkert som ligg godt i handa.

Kompakt kikkert som ligg godt i handa.

Pris
Med ein pris på rundt 4000,- er dette ein kikkert som ligg i mellomskiktet. Om du brukar kikkert mykje, er det vel anvendt pengane. Ved normal bruk vil denne kikkerten gi glede i lang tid.

Generelt inntrykk
Kowa er ikkje eit særleg kjent merke i Noreg, men vert rekna som eit av dei store merka i Sverige. Dette har nok litt med historikk å gjere. Kikkerten vert laga i Japan, og alle delar har høg kvalitet. Kowa har eit stort utval av kikkertar i alle prisklasser, og har òg eit glimrande sortiment innan spottingskop. Om du treng ein solid og robust turkikkert som vil tene deg godt i mange år, så er Kowa BD 8×32 DCF WP eit ypperleg val.

Sjå Kowa BD 8×32 DCF WP i vår nettbutikk.