Solarcan – solarkamera i en boks

En ny Kickstarter-kampanje søker etter penger til Solarcan, et engangs pinhole-kamera som er plassert i en «brusboks». Dette kameraet, med lang eksponeringtid, er ment å fange solens bane i løpet av flere dager på et 5×7 Ilford Pearl fotopapir. Etter at eksponeringen er ferdig fjerner man toppen av boksen ved å bruke en vanlig boksåpner og «fremkaller» bildet ved hjelp av en smarttelefonapp.


Ifølge Solarcans Kickstarter-kampanje vil dette være det første masseproduserte engangs-solargrafikameraet som skipes ferdigmontert slik at brukerne bare monterer det på et bestemt sted og deretter eksponerer fotografisk papir mot sollys ved å fjerne en liten svart fane fra boksen. Etter at en uke (eller lenger) har passert, åpnes boksen og fotonegativet kan tas ut.

Brukerne tar deretter et bilde av negativet ved hjelp av Solarcan smartphone-appen, som inverterer bildet og «fremkaller» det som et digitalt bilde med riktige farger. Ifølge Kickstarter-siden er totalt 1 000 enheter Solarcan i klare for produksjon, men det er fortstt ikke kjent hvor det er mulig å få kjøpt kameraet utenom Kickstarter-kampanjen.

 

Nikon D810A – fullformat astrofoto

D810A – Nikon sin første spegelrefleks for astrofotografar

 

10.februar lanserte Nikon ein spesialversjon av D810, spesielt med astrofotografering i tankane. Rykta om dette kameraet har sirkulert på nettet ei stund, så det låg i korta at ein slik modell var sannsynleg. Kvifor kjem denne modellen, og kva er spesielt med den? Vi tenker litt høgt.

No er ikkje astromodifiserte digitale spegelreflekskamera noko nytt. Canon lanserte sin første modell 20Da i februar 2005, og fulgte opp med 60Da i 2012. (20Da var forøvrig første Canon-modell med Live View-modus). Begge desse modellane hadde APS-C sensor og utvida sensitivitet mot nær-infraraudt spektrum. Etter lanseringa av 20Da vart det brått ein gråmarknad for modifisering av DSLR-kamera. Enten kunne du sende ditt eksisterande kamera inn til eit (meir eller mindre sertifisert) servicefirma for modifisering, eller så kunne du kjøpe filtersett og foreta modifiseringa sjølv. Sidan dei modifiserte versjonane ikkje var i regi av kameraprodusenten, var dette ei modifisering som oppheva garantien. Men resultatet vart bra, dersom alle skruane kom på riktig plass og loddinga vart korrekt utført!

Så kva er nytt med D810A? Vel, for det første er det ein offisiell Nikon, og for det andre har kameraet ei FX-bildebrikke (fullformat) med heile 36.3 megapixel. Vi skal sjå på fordelar og ulemper etter kvart, men først ein tur på skulebenken!

Hemmeligheten rundt H-alpha (Hα)
Så kva er spesielt med astromodifiserte kameramodellar? Kvifor vil astrofotografar ha desse spesialversjonane?
Mange av dei astronomiske objekta sender ut mykje stråling i eit område som ligg i det nær-infraraude området av det elektromagnetiske spekteret. Auget vårt er ikkje spesielt sensitivt mot dette området (det ligg i utkanten av området for synleg lys), medan bildebrikkene på kamera har bedre evne til å fange opp desse bølgelengdene. Men til vanleg terrestrisk fotografering er ikkje det ønskeleg med så mykje av dette lyset, så dei fleste digitalkamera er utstyrt med eit IR-cut filter som sit framfor bildebrikka. Dette filteret dempar raudskjæret som denne strålinga skapar. Så her ligg litt av utfordringa.

Nordamerikatåka (ngc7000) i Svanen

Nordamerikatåka (ngc7000) i Svanen, fotografert med Canon 60Da. (Foto: Runar Sandnes)

På bildet av gasståka NGC7000 over ser vi tydeleg H-alpha strålinga som den raude informasjonen i biletet. Objektet er her fotografert med Canon sin modell 60Da. Om ein skulle ha fotografert denne med ein vanleg 60D, så ville ein fått mykje mindre tydeleg signal å jobbe med.

Astronomisk fotografering handlar i stor grad om å fotografere objekt som ikkje er lett synlege, og fotografering er såleis ein viktig måte å få informasjon om desse objekta på. Ein må difor bruke litt andre referansar på kva som er «ekte» og ikkje. I tradisjonell fotografering er det ofte diskusjonar om legitimiteten til ulike bilete, og om dei gjev eit korrekt bilete av korleis verden faktisk er. Vi må berre innsjå at eit kamera og eit sensormedium (film/CCD/CMOS) uansett berre gir oss eit avgrensa bilete av korleis verden faktisk ser ut. Det blir verden; sett gjennom kameraet sine auge…

I astronomien forsøker vi heile tida å forklare fysikken bak prosessane, og då vert all tilgjengeleg informasjon brukt for å få danna oss eit mest mogleg korrekt bilete. H-alpha er navnet på ei enkel bølgelengde som vert sendt ut frå eit hydrogenatom. Kort fortalt består eit hydrogenatom av eit proton, med eit enkelt elektron som kretsar rundt i ei bane (kalla elektronskall). Dersom dette elektronet vert tilført tilstrekkeleg energi, så vert det løfta ut i bana utanfor. Når elektronet så sprett tilbake i normal bane, slepp det frå seg energi tilsvarande energiforskjellen mellom dei to banene. Denne energien vert sendt ut som elektronmagnetisk stråling med bølgelengda 656,28 nm.

Så kva kan så denne bølgelengda brukast til? Jo, mange gasståker og stjerneformande strukturar i galaksar sender ut rikeleg med denne og andre spennande bølgelengder. Denne strålinga kan rett og slett fortelle oss mykje om objektet, og det finst masse av denne strålinga! Så då er det kanskje greit å ha eit kamera som klarer å fange den opp?

Dedikerte astronomiske kamera (ofte monokromkamera med CCD-brikke som er nedkjølt med Peltier-element for å få lav elektronisk støy) er svært sensitive mot eit større del av spektrumet enn tradisjonelle digitalkamera for normalt bruk. I tillegg leverer dei 16-bits filer, som rett og slett har eit sjukt stort dynamisk omfang! Men desse spesielle instrumenta er svært dyre, og prisen aukar kraftig etter storleiken på bildebrikka. Spegelrefleksar med CMOS-brikker er mykje billigare i produksjon, og kan såleis modifiserast for å få liknande resultat. Ein får ikkje samme lyssensitivitet og støyforhold, men for mange er resultata likevel meir enn bra nok. Og til ein brøkdel av prisen.

Kva kan D810A tilby?
Nikon har satsa på D810 som base for sin spesialversjon. Med denne modellen får du ei fullformatbrikke med heile 36 megapixel, ein ISO-verdi som kan strekkast opp til 51200 og ei bildebrikke som er fire gongar meir sensitiv mot H-alpha enn den opprinnelege modellen. Høgt megapixeltal er ein fordel om du skal lage store forstørringar, men har òg ulempen med at ein då må presse eit større antal pixlar på arealet på bildebrikka samanlikna med modellar med mindre megapixel. Dei fysiske pixelane på bildebrikka vert då mindre, noko som fører til lavare sensitivitet og meir utlesingsstøy frå bildebrikka. Tradisjonelle CCD-astrokamera har ofte rundt 8-10 megapixel, og kan dermed ha fysiske pixlar som er opp mot 9 µm store. D810A har pixlar som er kun 4.89 µm. Eit betimeleg spørsmål vi må stille oss, er kvifor dei ikkje heller har valt å bruke f.eks D750 som base. Dette kameraet har 24 megapixel (som er meir enn stort nok) og har ein pixelstorleik på 5.9 µm. Då hadde ein fått eit system som var meir lyssensitivt. Atmosfærisk turbulens vil alltid vere ein faktor som påverkar kor skarpt bilete ein får; fleire megapixel betyr ikkje nødvendigvis større oppløysing på objektet.
Legg merke til at dette kamerahuset er nokså tungt med sine 880 gram. Dette bør ein ha med i betraktninga, særleg om ein brukar kameraet i kombinasjon med teleskop. Ekvatorialmonteringa (astronomisk motorrigg) bør då vere dimmensjonert for vekta (og vektarmen).

Nikon sitt val av bildebrikke er òg interessant. Fullformat skapar problem på ein del teleskopmodellar, då det er nokså dyrt å lage teleskop som gir ein perfekt korrigert bildesirkel som klarer å fylle heile bildebrikka. På mange teleskop vil ein difor oppleve vignettering, og dette kan vere vanskeleg å få korrigert i etterbehandlinga. Ei crop-brikke er såleis meir sikkert. Men samtidig; har du pengar nok til å kjøpe D810A, så bør nok teleskopet òg stå i stil.

D810A og AstroTrac
Slik vi ser det, vil Nikon D810A vere eit veldig godt val til astrotracker-plattformar à la AstroTrac. Kombinert med Nikon sin fantastiske optikk, vil ein kunne få flotte langtidseksponeringar mot stjernehimmelen, med masse flott H-alpha signal. AstroTrac er genialt med vidvinkeloptikk mot melkeveien, men fungerer òg strålande med tele-brennvidder i 3-400mm området! Svært mange av objekta er nokså store på himmelen, noko som gir lyssterke teleobjektiv ein fordel mot tradisjonelle teleskop med høg brennvidde og lite bildefelt.
Les gjerne meir om AstroTrac-systemet, som er verdens beste astronomiske fotoplattform for systemkamera. Vi har laga eit eige blogg-innlegg om dette. Kort fortalt er AstroTrac ei motorisert startracker som følger stjernene nøyaktig over himmelen under langtidseksponeringar. Systemet er svært nøyaktig, tåler utstyrsvekter opp mot 15 kg, og er samtidig transportabelt nok til at ein lett kan ta med seg utstyret på plassar som tidlegare har vore vanskeleg tilgjengeleg med større astronomiske monteringar. AstroTrac kan byggast ut etter behov.

AstroTrac med motvektssystem, her i kombinasjon med Canon 60Da og 200mm f/2.0L IS.

AstroTrac med motvektssystem, her i kombinasjon med Canon 60Da og 200mm f/2.0L IS. Tung kamerakonfigurasjon, men oppsettet blir likevel fjellstøtt med AstroTrac-enheten.

Måten Nikon har løyst denne kameramodelllen på er kanskje litt uventa, men historia viser at det er dei dristige vala som utviklar teknologien vidare. Det blir spennande å sjå korleis kameraet fungerer i praksis mot mørk himmel! Til sjuande og sist er det brukarane som avgjer dommen. D810A har i tillegg ein del nye funksjonar som vi kjem til å få sjå meir til i kommande Nikon-modellar. Vi trur nok mellom anna at vi kjem til å få sjå meir til D810A i timelapse-sammenheng!

Dedikerte spegelreflekskamera for astrofotografar er definitivt ei sjeldan vare, og her har Nikon virkeleg lagt seg i selen for å skape ein spennande modell. Det er kanskje ei smal nisje, men vi er sikre på at denne modellen har sin plass blant fotografar verden over. Vi gledar oss til å sjå resultata denne modellen kan gi oss!

Nikon D810A kan bestillast frå Japan Photo.

**********

Produktinformasjon frå Nikon sine nettsider:

Bildebrikke i FX-format med 36,3 megapiksler: Kontrastrike bilder og minimalt med fargefeil.
Modifisert infrarødt (IR) cutoff-filter: Fire ganger mer følsomt for H-alfa bølgelengden (bølgelengde på ca. 656 nm) enn D810.
M- innstilling for lang eksponering: Muliggjør eksponeringer på opptil 900 sekunder.
Elektronisk lukker på fremre lukkergardin: Minimerer interne vibrasjoner under eksponering og gir skarpest mulige resultater.
Suveren lysfølsomhet (ISO): Standard ISO-område på 200–12800 kan forlenges opptil 51200 ISO (tilsvarende).
Serieopptak uten begrensninger: Gir enestående bilder av stjernehimmelen. Ta opp så mange JPEG-filer i høy kvalitet som minnekortet og batterilevetiden tillater.
Live view: Bilder kan forstørres opptil 23 ganger i tillegg til en virtuell eksponeringsforhåndsvisning for lukkerinnstillingen.
Kunstig horisont: Se kunstig horisont under fotografering gjennom søkeren.
EXPEED 4: Sikrer kameraets høye ytelse.
Picture Control 2.0: Gjør etterbehandlingen enklere med Flat-innstillingen for maksimalt dynamisk område. Detaljene kan finjusteres med Klarhet.
AF-ytelse i toppklasse: Et Multi-CAM 3500FX 51-punkts AF-system kan konfigureres i 9-punkts, 21-punkts og 51-punkts fokusområde med følsomhet ned til -2 EV (ISO 100, 20 °C).
Skjerm med mulighet for å stille fargebalansen: 8,0 cm (3,2-tommers) RGBW LCD-skjerm med antirefleksbelegg og 1 229 000 punkter. Juster fargebalansen og lysstyrken.
D-film i flere formater: Film i full HD (1080p) i FX- og DX-format med bildefrekvenser på 50p/60p. Tilgang til hele følsomhetsområdet under opptak, samt kontroll over lukkertid, blenderåpning og lydnivåer.
RAW Size S: Leverer 12-bits Nikon NEF-filer med fyldig fargedybde som legger til rette for raskere bildeoverføring og enklere etterbehandling.
Rask, robust lukker: Lukkeren i kevlar/karbonfiber-kompositt er testet med 200 000 sykluser og har en lukkertid på 1/8000 til 900 sek.
EN-EL15-batteri med stor kapasitet: Superkompakt og lett, oppladbart litium-ionbatteri med en kapasitet på 1900 mAh (7,0 V). Ta opptil 3860 stillbilder1 per oppladning.
Lagringsmedier: Ett CF-kortspor for høyhastighets UDMA 7-kort og ett SD-kortspor for høyhastighets SDXC- og UHS-I-kort med stor kapasitet.
Robust kamerahus i magnesium: Omfattende værforsegling mot støv og fuktighet sørger for at D810A er fukt- og støvbestandig.
Kablet og trådløs nettverkstilkobling: Støtte for Ethernet og trådløst lokalt nettverk. Koble til ved hjelp av dataoverføreren UT-1 (ekstrautstyr) sammen med den trådløse WT-5-senderen.
Tilleggsutstyr: Opptakstiden forlenges ved bruk av MB-D12 multipower batteripakken eller EH-5b AC-nettadapteren med EP-5B-strømforsyning.