Månen som fotomotiv

Månen fotografert med fullformatkamera gjennom ein 8" reflektor med 800mm brennvidde.

Månen fotografert med fullformatkamera gjennom ein 8″ reflektor med 800mm brennvidde.

Eit ynda fotograferingsmål for ferske astrofotografar er sjølvsagt månen. Ikkje så rart der den heng lyssterk og innbydande, og visuelt strålande i teleskopet! Måneskiva er omlag ei halv grad på himmelen, samme tilsynelatande storleik som sola. Diameteren til månen er 3475 km, og gjennomsnittleg er månen omlag 300.000 km unna. Lyset brukar med andre ord ca 1 sekund mellom månen og jorda. Månen flyttar seg omlag 12 grader austover på himmelen frå dag til dag.

Dei som har forsøkt å fotografere månen med teleoptikk, erfarer fort at ein ofte kjem til kort når det gjeld brennvidde. Biletet over viser utsnittet med fullformat bildebrikke, gjennom eit teleskop med 800mm brennvidde. Som du ser er det framleis mykje svart himmel rundt månen.
Mange brukar mellom anna teleskop av typen Maksutov Cassegrain til fotografering av månen. Desse har nokså høg brennvidde, men i ein kompakt konstruksjon. Eit eksempel kan vere Celestron Nexstar 127 SLT. Dette teleskopet passar òg veldig godt til planetane, med veldig bra oppløysingsevne og høg kontrast.
Fordelen med dagens kamera er naturlegvis den høge oppløysinga på bildebrikka. Du kan beskjære biletet nokså hardt for å få meir fokus på månen. Og som du legg merke til på biletet under; den delen av månen som er totalt opplyst av sola, er nokså kontrasfattig og kjedeleg. Når du nærmar deg terminator (overgangen mellom skuggesida og solsida på månen), er du at kontrasten på kratera aukar mykje. Fullmånen er såleis nokså kjedeleg som fotoobjekt (og visuelt). Det er månefasane som er interessante. Og desse endrar seg frå dag til dag, slik at det stadig er nye strukturar og krater som framtrer på sin beste måte!

Beskjært versjon for webvisning.

Beskjært versjon for webvisning.

Dette biletet er beskjært til eit forholdsvis tett utsnitt. Du bevarer mest detaljar ved å beskjære biletet utan at det vert interpolert. Men hugs at månen òg passar bra som element i landskapsbilete, høg brennvidde er ikkje nødvendigvis det beste.

Ved fotografering av månen er det eit par teknikkar som hjelper mykje på sluttresultatet:

Fokusering

Bruk LCD-skjermen på kameraet til fokusering, og forstørr gjerne bildet opp dersom mulig. Fullmånen kan vere vanskelig å fokusere på, då den har nokså lav kontrast. Det beste er å fokusere på skarpe kraterskuggar.

Manuell eksponering
Lysmålaren vil ofte lure deg, slik at biletet blir overeksponert. Eit tips her kan vere punktlysmåling direkte på måneskiva, eller det aller beste; å eksponere etter histogrammet. Då eksponerer du til høgre, slik at mesteparten av bilete legg seg mot høgre i histogrammet (utan at noko brenn ut).  Bruk lav ISO, månen er rimeleg lyssterk! Typiske eksponeringstider kan ligge mellom 1/225 og 1/400 sekund, alt etter kva blendarforhold teleskopet eller objektivet gir.

Spegellås
Ved høg brennvidde er vibrasjonar frå lukkarmekanismen nok til å skape ørsmå uskarpheter i biletet. Det kan difor vere lurt å låse opp spegelen, dersom kameraet ditt støttar dette. Spegellause systemkamera er uproblematiske her. Og sjølvsagt; fjernutløysar eller tidsutløysing er påkrevd for å få skarpe bilete.

 

Ved å auke fargemetninga, ser vi at månen faktisk har fargar.

Ved å auke fargemetninga, ser vi at månen faktisk har fargar.

Trur du at månen kun innheld gråtonar? Prøv å auke metninga på biletet i redigeringsprogrammet, og sjå at måneoverflata faktisk innheld eit utal fargar. Desse er reelle, og kan fortelle oss mykje om kva type berggrunn overflata på månen består av. Dei mørke hava framtrer med ein blåaktig farge (grunna mykje jernoksyd og titanoksyd), medan dei lysare kraterområda ofte er meir gul/oransje.

Månen og Jupiter i samme målestokk.

Månen og Jupiter i samme målestokk (montasje).

Jupiter, den største av planetane i solsystemet, er òg eit ynda fotoobjekt. Men som du ser i biletet over (som er ein fotomontasje) krever Jupiter mykje høgare brennvidde for å få med detaljar. Riktig nok ser vi to av skybeltesystema på planetoverflata på dette biletet, men ofte brukar ein brennvidde (ofte i kombinasjon av teleskop og barlowlinse) på meir enn 4000mm for å hente fram detaljane. Dette krev ofte eit meir egna kamera, og eit teleskop med mykje høgare brennvidde. Celestron Nexstar Evolution 9.25″ er eit formidabelt planetteleskop, og sammen med eit Skyris-kamera, så har du eit veldig godt fotooppsett for fotografering av planetane.
Av og til kan vi faktisk sjå månen og Jupiter i samme bildefelt, og ein sjeldan gong opplever vi òg at Jupiter (og andre planetar) forsvinn bak måneskiva. Desse fenomena vert kalla okkultasjonar, og er veldig artige å studere i teleskop.

Bookmark the permalink.

Comments are closed