Vedlikehold av mikroskop

For at mikroskopet skal fungere optimalt, er det viktig å sørge for korrekt vedlikehald. For best mogleg resultat, bør en forsikre seg om at alt av objektiv, okular, blendar og konsensor er korrekt justert og fritt for støv. og smuss.

Slik rensar du ditt mikroskop:

  • Blås ev. reint for støv med trykkluft. Rens okulara med linsepapir, fukta med linseveske. Brett linsepapiret, slik at du har eit ekstra lag med linsepapir mellom fingrane og linseoverflata. Då unngår du å få fett på linsene. Tørk godt av medan du dreiar okularar, og avslutt med eit tørt og reint linsepapir. Gjenta operasjonen fleire gongar ved behov.
  • Normalt treng ein ikkje reingjere objektivlinsene. Men immersjonsokularar bør rensast grundig etter kvar gong ein brukar dei, slik at ein ikkje får olje som tørkar inn på overflata. Bruk linseveske og linsepapir, på samme måte som på okularet.  Skru ev. ut objektivet, og sjekk mot lyset at objektivet har blitt heilt reint.
  • Sørg for at linsa på lysfeltblendaren er reint for støv, slik at ein unngår lystap.
  • Husk å dekke til mikroskopet med støvhette etter bruk, slik at du unngår unødig støv på mikroskopet.

Vi anbefaler Optika Renseveske for å rense linseoverflatene.

Introduksjon til mikroskopi

Det første spørsmålet du bør stille deg når du skal kjøpe eit mikroskop er
– Kva vil eg bruke det til?

Dette spørsmålet gjev deg nokre svar på kva mikroskop du treng.

Veldig små objekt, celler og mikroorganismar, krev ganske høg forstørring. Du bør difor å lage eit preparat for å observere dei på ei enkel måte. Preparatet vert deretter brukt med eit lysmikroskop med forstørring mellom 40x og heile vegen opp til maksimalt 1500x forstørring, alt etter kva objekt du studerer. Lysmikroskopet er den mest brukte typen mikroskop, og er det folk flest tenkjer på når ein nemner ordet «mikroskop». Dette er mikroskopet dei fleste av oss har brukt i naturfagstimane ein gong i skulegangen. Eit glaspreparat som innheld objektet er plassert på mikroskopbordet, og vert først observert med låg forstørring. Så aukar ein forstørringa ved å bytte okular, i praksis ved å rotere revolverfatninga med 3 eller 4 objektivlinser på.

Eit lysmikroskop eller biologisk mikroskop gjev deg eit bilete som er opp/ned, og spegelvendt. Arbeidsavstanden mellom preparatet og objektivlinsa er veldig liten. Dette medfører at det ofte vert tungvindt å jobbe med preparatet medan du observerar. Du kan heller ikkje plassere fysisk store objekt under dette mikroskopet.

Store objekt, plantedelar, stein, lauv, blomster, krystallar, industridelar osv. krev ikkje samme store forstørringa som det eit lysmikroskop gjev, men krev meir plass mellom objektivplata og objektivet for å kunne observerast. Til dette bruket er det best å bruke ein type mikroskop som heiter stereomikroskop («stereolupe») eller disseksjonsmikroskop, sidan det er enklare å jobbe aktivt med objektet samtidig som du observerer. Denne type mikroskop er hyppig i bruk innan forskning og i industrien, og er i tillegg ein favoritt til hobbybruk. Enkle stereomikroskop er perfekt til nyskjerrige ungar!

Sjølv om stereomikroskopet ikkje er så kjent som lysmikroskopet, så er denne typen mikroskop perfekt for nybegynnerar! Du kan plassere utruleg mykje rart under det, og hagen din er stappfull av interessante objekt. I tilegg slepp du å preparere objekta på glasplater. Bildet er rettvendt og riktig vei, noko som gjer det veldig lett i praktisk bruk. Det er akkurat som å sjå objektet med dine eigne auge, berre mykje større. Forstørringa er forholdsvis lav, noko som gjer fokuseringa enklare enn med eit tradisjonelt lysmikroskop. Djubdeskarpleiken er òg mykje større.

Lysmikroskop

Optika B-159 i bruk

Optika B-159 i bruk

Forstørring

Du kan i prinsippet oppnå den forstørringa du sjølv vil ved å kombinere riktig okular med riktig objektiv, men dette betyr ikkje at du nødvendigvis vil vere i stand til å bruke denne forstørringa på ein effektiv måte. Det er avhengig av den optiske kvaliteten. Dei fleste mikroskop for nybegynnerar har ikkje god nok optisk kvalitet til å gi eit godt bilete med over 400x forstørring. Mesteparten er ikkje eingong i stand til å gje eit godt bilete på 200x forstørring! Eit viktig poeng er òg at det er mykje vanskelegare å bruke eit mikroskop ved høge forstørringar enn med låge. For ein nybegynnar er 200x forstørring meir enn tilstrekkeleg for å studere celler og sjå på  dyre- og planktonliv i vatn. Pga begrensingar i oppløysingsevna i synleg lys, kan ein i hovudsak ikkje oppnå høgare forstørring enn 1250x. Dette skuldast ikkje begrensingar i optikken, men i lyset sjølv.

Optika B-159

Optika B-159

Fokusering

Dei fleste mikroskop til litt meir kritisk bruk har to fokuseringar. Ein grovfokus for lave og medium forstørringar, og ei finfokusering til dei høge forstørringane. Fokusering med store forstørringar er vanskelegare og meir kritisk, og krev såleis betre nøyaktighet og oppløysing på fokuseringa. Mikroskop med kun ei fokusering er eit teikn på at mikroskopet ikkje er laga for profesjonelt bruk, men det betyr ikkje nødvendigvis at kvaliteten er dårleg. Bruken av mikroskopet, særleg ved høge forstørringar, vert likevel relativt avgrensa.

Lyskjelde

Mikroskop har tradisjonelt sett hatt to typar lyskjelder for nybegynnaren. Spegel og innbygd lyskjelde. Speglar fungerer ved å plassere mikroskopet nært eit vindauge med tilgang på sol, eller ved å rette spegelen mot ei ekstern lyskjelde (skrivebordslampe etc). Innebygde lyskjelder er meir praktisk og meir effektivt ved høge forstørringar, og er verdt å bruke litt ekstra pengar på.

Lyskontroll

Dei fleste detaljane er ikkje nødvendigvis synleg ved høgast lysstyrke. Nokre organismar, td mange som lever i vatn, er ganske lyssky. Billige mikroskop har sjeldan høve til å justere lyskjelda. Den enklaste justeringsmetoden vert kalla diafragma, og består av hol med ulik opning som ligg under objektivbrettet. Betre mikroskop har ein irisblendar, tilsvarande blendaren i eit kamera. Dette gjer det mykje enklare å finjustere lysmengda.

Preparathalder

Du treng noko som held preparatet på plass, særleg ved høg forstørring. Ved 200x eller høgare skal det ikkje store bevegelsen til før objektet du ser på forsvinn ut av synsfeltet. To typar haldarar vert brukt. Preparatklips er den enklaste haldaren. Desse klipsa fungerer forsåvidt ok, men ein mekanisk preparathaldar med finkontrollhjul for å flytte preparatet i begge aksar er mykje betre når du har tenkt å bruke mikroskopet litt meir aktivt og systematisk. Slike kryssbord har òg ofte ein skala på to av sidene, som gjer at det er enklare å registrere posisjonen til interessante objekt på preparatet.

Monokular eller binokular

Å bruke kun eit auge over lengre tid er stressande for augene, sidan du brukar musklane i auget du observerer med meir enn auget som kviler. Mikroskop for meir praktisk bruk kjem ofte med to okular, noko som ikkje berre reduserer ubehaget for augene, men som òg aukar den visuelle opplevinga.

Immersjonsokular

Når lyset passerer gjennom glasplata (preparatet) ut i lufta, vert ein del av bildekvaliteten forringa på grunn av diffraksjon. Når lyset så går frå lufta og inn i objektivlinsa, mistar ein nok ein gong litt av bildekvaliteten. Eit immersjonsokular brukar ein dråpe med immersjonsolje mellom preparatet og objektivlinsa. Denne oljen har samme refraksjonsindex (lysbryting) som glaset, noko som fører til at ein unngår stort tap i bildekvalitet. Det er som om preparatglaset og objektlinsa heng saman i eit samanhengande stykke med glas. Dette objektivet er essensielt for kritisk og høg forstørring, særleg ved observasjonar av veldig små mikroorganismar som bakteriar. Immersjonsokular er noko som nybegynnerar sjeldan kjem bort i, men mange okular kan byggast ut med slike okular seinare. Merk at mikroskopet bør ha god nok optisk kvalitet til å støtte slike høge forstørringar (1000x eller meir).

Stereomikroskop

Optika LAB-20 stereomikroskop

Optika LAB-20 stereomikroskop, med trinnlaus 7-40x forstørring.

Forstørring

Stereomikroskop har låg forstørring, typisk mellom 10x og 40x. Høgare forstørring på objekt høvelege for stereomikrosko har sjeldan noko for seg. Når forstørringa går opp, vert synsfeltet mindre. Du ser mindre av objektet og djubdeskarpleiken vert dårlegare. Dette kan skape problem når du forsøker å jobbe med objektet. Sjølv om forstørringa på stereomikroskop er forholdsvis lav, er det utruleg fascinerande i bruk! Objekta viser seg fram på ein heilt annan måte ved hjelp av eit slikt mikroskop. Dei rimelegaste stereomikroskopa har fast forstørring, oftast 20x og 40x, medan dei fleste andre lar deg justere forstørringa trinnlaust ved hjelp av eit kontrollhjul.

Arbeidsavstand

Dette er maksimumsavstanden mellom objektivlinsa og objektet du skal studere, der objektet framleis er i fokus. Denne eigenskapen er viktig når det gjeld stereomikroskop. Modellar med kort arbeidsavstand gjer det vanskeleg å studere og jobbe med store objekt.

Monokular eller binokular

Dei aller billigaste modellane har kun eit enkel okular for å halde prisen nede, men dette går på bekostning av stereosynet – ein eigenskap som kun oppnåast ved hjelp av to okular. Om du planlegg å jobbe med eit objekt (td dissikere), er djubdesynet essensielt. Å observere med begge augene er òg mindre belastande, og lar deg jobbe samanhengande over lengre tid utan at ein vert trøytt i augene. Den visuelle opplevinga med stereosyn er i tillegg noko som absolutt er verdt ein modell med to okular.

Lyskjelde

Lyskjelda er ikkje fullt så kritisk med denne typen mikroskop, sidan forstørringa er ein god del lågare. Men, alle skikkelege stereomikroskop tilbyr ei eller anna form for belysning, som oftast med både belysing frå underside og direkte belysing ovanfrå.

Mikroskopbord

Eit mikroskopbord er ei glas- eller plastikkplate der du plasserer objektet du skal observere. Ved å skru av og på lyset under denne objektplata, vil du få enten mørk eller lys bakgrunn, noko som hjelp til med å få god kontrast mellom objektet og bakgrunnen. Du får òg modellar utan mikroskopbord.
Korleis gå fram for å få mest mogleg ut av ditt første mikroskop

 

Mikroskopbord, med 4 objektiv.

Mikroskopbord, med 4 objektiv.


Steg 1
Flytt mikroskopet ved hjelp av begge hendene. Hold ei hand under mikroskopet, og den andre på sjølve kroppen. Den største grunnen til øydelagde mikroskop er ikkje at dei vert utslitne, men at dei går i bakken og får skade.

Steg 2
Berør aldri nokre av linsene med fingrane. Dette etterlatar olje og fett på optikken som er vanskeleg å fjerne, samt partiklar som kan skade linseglaset. Om du treng å rense ei linse, bruk linsepapir, linsebørste og dertil eigna rensemedium for optikk (isopropanpl, heptan). Ikkje bruk t-skjorta di eller andre tekstil du finn.

Steg2
Lær deg kva delane på mikroskopet ditt heiter. Studer manualen, og les deg opp på nettsider.

Steg 4
Lag ditt eige preparat ved å finne fram eit preparatglas. Legg det du vil studere ned på glaset, og drypp ein dråpe vatn på (ikkje for mykje!). Legg på eit dekkglas, men ikkje ved å sleppe glaset rett nedpå objektet. Då risikerer du å få luftbobler under glaset. Sett eine kanten på dekkglaset ned på preparatglaset først, og slepp deretter glaset nedpå slik at lufta vert pressa ut. Bruk ev. litt tørkepapir for å tørke av overflødig vatn som hamnar utanfor dekkglaset, då unngår du søl på mikroskopet.

Steg 5
Plasser preparatet på mikroskopbordet, og fest det med klips eller klemma. Bruk alltid klips eller klemmer slik at preparatglaset litt stødig og fast på objektbordet. Ellers kan du få problem med at ting flyttar på seg, særleg når du brukar høg forstørring.

Steg 6
Roter objektivrevolveren slik at det kortaste objektivet (det med minst forstørrelse) klikkar på plass over preparatglaset. Start alltid med lavast mogleg forstørring! Dette gjev det størst bildefelt, noko som gjer det mykje enklare å finne kva del av objektet du ynskjer å studere.

Steg 7
Juster lyset. Start med mykje lys, og fokuser mikroskopet. Juster så ned lysstyrka til du ser mest mogleg detaljar. Den største lysstyrka er sjeldan det beste for å få maksimal kontrast og detaljar. Bruk berre så mykje lys som du treng for å sjå detaljane. Mange organismar er lyssky, så lavare lysstyrke kan vere betre i slike tilfeller.

Steg 8
Fokuser sakte! Det er fort gjort å fokusere forbi fokuspunktet. Om mikroskopet har grov- og finfokusering, start med grovfokuseringa og og bruk finfokusen for å finne perfekt fokus!

Hugs at eit vanleg lysmikroskop snur alt opp/ned og spegelvendar biletet. Med litt øving går dette heilt greit, sjølv om det er litt uvant i starten. Grunnen til at biletet vert vist på denne måten, er for å nytte så få optiske element som mogleg i okular og objektiv. Dette sørger for skarpast mogleg bilete med best kontrast, sjølv om det fører til at orienteringa blir litt feil.

 

Fokusering, og justeringskruar for kryssbord

Fokusering, og justeringskruar for kryssbord

Kryssbordskruar for å flytte preparatet i to aksar. Uvurderleg!

Steg 9

Om du ynskjer å auke forstørringa, skift no til eit anna objektiv ved å snurre på objektrevolveren. Pass på at objektivet klikkar seg på plass. Juster fokusen med finfokuseringa. Legg merke til at fokusen no er meir kritisk. Om du ikkje synest at biletet er betre, eller viser meir detaljar, gå ned på forstørringa.

Steg 10

No har du forhåpentleg fått objektet i fokus, og du vil prøve ut den største forstørringa. Pass på!

Avstanden mellom objektet og objektivet er no veldig liten, og det er fort gjort å knuse dekkglaset ved å fokusere for nære. Er du uheldig, kan du få fukt og skade på objektivglaset. Bruk difor finfokuseringa og ver forsiktig! Bruk av høge forstørringar på mikroskop er utfordrane. Det tek litt øving for å få det til skikkleg. Den gode nyheten er at du ikkje treng å bruke høg forstørring så ofte. Dei fleste objekta tek seg best ut under låg eller middels forstørring. Sjølv erfarne forskarar brukar desse forstørringane mest. Ikkje gå opp på forstørringa med mindre du treng det!

Fotografering med Canon 5D, ved hjelp av M-173 fotoadapter

Fotografering med Canon 5D, ved hjelp av M-173 fotoadapter

 

Canon 5D festa på mikroskop ved hjelp av Optika M-173 DSLR-adapter.

Om du passar godt på mikroskopet og steller fint med optikken, har du eit arbeidsredskap som gjev det mykje glede. Som med alt anna er ofte kvaliteten knytt mot pris. Dei dyrare modellane gjev det betre optikk, betre ergonomi og eit mikroskop som ein i større grad kan bygge ut og oppgradere. Men for mange vil våre rimelegaste modellar gje mange fascinerande timar! Det viktigaste er at du vel ein modell som passar best til dine behov og som gjev deg dei beste opplevingane.