Introduksjon til kikkertsikte

Kikkertsikter er ein viktig del av jaktutrustninga, og vil i mange tilfeller vere avgjerdande på når du vil vere i stand til å jakte. Sidan både rifla og siktet begge er sentrale brikker eit våpensystem, er det ein fordel at desse står i forhold til kvarandre. Det er større forskjell på ytelsen på kikkertsikter enn på dei fleste rifler. Det er såleis lurt å tenke seg at kikkersiktet er den eine delen i våpensystemet som verkeleg kan gjere ein forskjell!

Leica ERi-2-5-10x42

Leica ERi-2-5-10×42

Spesifikasjonar
Kikkertsikte brukar samme type spesifikasjonar som vanleg handkikkertar, dvs med opplysning om forstørring og lysopning. Du kan td. finne betegnelsar som 3-9×40. Her snakkar vi i såfall om eit kikkertsikte med justerbar forstørring mellom 3 og 9 gongar, og med 40mm lysopning.

Forstørring
Som med alle andre optikktypar, er det her snakk om å velge korrekt forstørring til kvart enkelt spesifikt formål. Mange foretrekker ei forstørring mellom 5 til 10x, men det er sjølvsagt avhengig av kva ein jaktar på.

– Jaktar du i tett skog, på korte avstandar (td. jakt på elg og hjort i tett skog) er det ein fordel med låg forstørring. Då får du større synsfelt, og du får eit stabilt bilete pga låg forstørring. Vi snakkar her om forstørringar opp til 5x.

– Opererer ein med skyteavstandar på under 100 meter, og gjerne frå sittande stilling, er det lurt med middels forstørring. Dette vil seie mellom 5 og 10x. Det meste av jakt i Noreg vil stort sett falle inn under denne kategorien. Om ein brukar høgare forstørring enn 10x, vil det ofte bli meir utfordrande å halde bildet stødig. Ein er då kanskje meir avhenig av å bruke anlegg.

– På skytebana og jakt på lengre avstandar (td. reinjakt), gjerne i liggande positur, kan det vere ein fordel med forstørringar over 10x. Ein har då ofte betre tid og meir forutsigbare skyteposisjonar, noko som tilseier at ein kan bruke større og tyngre kikkertsikte utan at dette går nevneverdig ut over stabiliteten.

Kvalitet på optikk
Som med optikk flest, stiller høg forstørring store krav til optisk ytelse. Høg forstørring med dårlig optikk fører til eit uskarpt og slørete bilete der det er vanskeleg å få med seg detaljane. Om du skal ha eit kikkertsikte med høg kvalitet på høg forstørring, må du rekne med å bruke litt pengar. Det er ein klar sammenheng mellom optisk kvalitet og pris. Kikkertar med god optisk ytelse brukar ofte meir eksklusive glastypar med lav kromatisk aberasjon og god skarphet over heile synsfeltet. I tillegg vil overflatebehandlinga på optikken òg spele inn på ytelsen i skumring og på natta. Ein god overflatecoating er òg viktig for å unngå dugg på linseoverflatene, samt at regnet skal prelle av på ein god måte. I dei siste åra har sjølve glaskvaliteten stort sett blitt veldig god, og den største utviklinga no ligg i overflatebehandlinga av linseoverflatene.

I tillegg er optikk med variabel forstørring meir komplisert i konstruksjonen enn optikk med fast forstørring. Om du vil ha mest mogleg optisk ytelse for pengane, er optikk med fast forstørring det beste valet. Men du er då litt mindre fleksibel på forstørringane, og må såleis ta eit litt tøffare val med tanke på forstørring. Her kan det vere eit godt tips å prøve ut litt ulik optikk på førehand, slik at du er sikkert på at du gjer eit korrekt val i forhold til den jaktforma du kjem til å bruke mest tid på.

Synsfelt
På samme måte som med handkikkertar, vil kikkertsikte vise synsfelt som breidde på synsfeltet på 1000 meter avstand. Eit stort synsfelt er fordelaktig, fordi du då har lettare for å oppdage dyr som kjem inn i synsfeltet frå sidan av. Dermed får du meir tid til å vurdere om forholda ligg tilrette for eit godt skot eller ikkje.

Augeavstand
Det er viktig med god avstand mellom auget og okularenden på kikkertsiktet, spesielt ved grovkalibra våpen. Samtidig er det ein stor fordel om du òg har størst mogleg synsfelt på denne avstanden. Augeavstanden vert ofte kortare ved høgare forstørring, men i dag klarer vi stort sett å produsere kikkersikte med fast augeavstand, med alle forstørringar. Dette er ein stor fordel!

Utgangspupil
Ein kalkulerer utgangspupillen til kikkertar og kikkertsikter ved å dele objektivdiameteren på forstørringa. 40mm lysopning og 3x forstørring gir då ein utgangspupill på ca 13mm. Dette talet fortel om kor mykje lys som slepp fram til auget gjennom okularopningen på kikkertsiktet. Vår auge kan maksimalt opnast til 7mm lysopning på natta. På dagtid er denne opninga som regel rundt 2-3mm.

Retikkel (siktemiddel)
Dette er sjølve siktemiddelet i kikkertsiktet, og dette kan vere utforma på mange måtar, alt etter type mål og personlege preferansar. Det er meir og meir vanleg med retikkel som er opplyst av ein LED-lampe, og gjerne med justerbar lysstyrke for å kunne fungere både på dagtid og om natta. Ofte er siktelinjene laseretsa inn i mattskiva, medan treffpunktet vert markert med eit lysande raud punkt. Legg merke til at opplyst retikkel gjer kikkertsikte noko dyrare, og du bør dermed vurdere om du heller vil legge desse pengane i betre optikk. Men det enklaste er sjølvsagt å gå for den beste løysinga, opplyst retikkel og knallbra optikk! Mange produsentar leverer samme modellen, men med ulikt typar retikkel. Då har du høve til å velje den retikkelen som passar best til ditt bruk, utan å måtte velje ein annan kikkertsiktemodell.

Retikkel

Retikkel

Parallakse
Treffpunktet vil endre seg litt når du bevegar på hovudet under sikting. Dette medfører at treffpunktet kan endre seg litt. Dei fleste kikkertsikte er designa for null parallakse på 100 meters avstand. Enkelte modellar har innebygd justering av parallaksen, slik at du kan justere bort avviket mellom siktepunkt og treffpunkt. I praktisk bruk er det dog sjeldan at ein får bruk for dette.

Vekt
Vekta på kikkertsiktet bør stå i samanheng med våpenet, slik at ein får ein naturleg god balanse. Om du går over lengre avstandar under jakta, bør ein òg tenke litt på totalvekta på utstyret. God optikk er ofte både stor og tung, og dette er noko ein absolutt bør ta med i vurderinga. Samtidig bør du forsikre deg om at kikkerten er vanntett. Helst bør kikkerten være fylt med nitrogen da dette gir svært god beskyttelse mot dugg på innsiden av kikkerten.

Værtetting
Det er ein fordel med værtetta optikk. Då treng ein ikkje bekymre seg over denne når du brått står overfor dyret. I tillegg er dei fleste gode kikkertsikte fylt med nitrogengass, som innheld svært lite fuktighet. Dette medfører at du får ein optikk som ikkje duggar på innsida. Er optikken nitrogenfylt, kan du dermed rekne med at værtettinga òg er på stell!

 Avstandsmålar
For å måle nøyaktig avstand til målet, har flere produsentar modellar med innebygd laseravstandsmålar. Men dette er ei nokså dyr løysing, og medfører òg at vekta aukar. I tillegg går det litt ut over den optiske ytelsen, samanlikna med tilsvarande modell utan avstandsmålar. Eit alternativ kan vere å bruke ein handkikkert med avstandsmålar, eller ein separat handholdt avstandmålar. Då måler ein gjerne opp avstanden på førehand, slik at ein har nokonlunde oversikt over forventa avstand til målet.