Båtkikkert

Kikkertprodusentane har ofte ulike seriar alt etter kva du skal bruke kikkerten til. Den perfekte all-round kikkerten finst dermed ikkje, sjølv om enkelte modellar likevel har eit svært allsidig bruksområde. Dette betyr at om du skal bruke kikkerten til eit spesielt føremål, kan det lønne seg å finne kikkerten som har dei spesifikasjonane du treng, samt at du synest kikkerten fungerer godt i praksis til ditt bruk.

Pentax Marine 7x50 Hydro

Pentax Marine 7×50 Hydro

 

For oss som brukar kikkert aktivt i båt, er det nokre spesielle (og harde) krav som må innfriast. Sjølvsagt finn du båtkikkertar i alle prisklasser og kvalitetar, og mange vel nok ofte ein nokså billig kikkert. Men har du brukt nokre hundretusen på båt, er det kanskje lov å spandere på seg ein kikkert som gir litt betre bildekvalitet og byggkvalitet. Forskjellen i kvalitet aukar betrakteleg om du berre går litt opp i pris. Ein skikkeleg kvalitetskikkert vil kunne gi deg stor nytteverdi i mange tiår, og er eit svært viktig og anbefalt navigeringshjelpemiddel ombord i båten!

Men…
– tenk om den vert våt…
– tenk om eg mistar den i dørken…
– tenk om eg mistar den overbord…
Dette har sjølvsagt kikkertprodusentane tenkt på.

Synsfelt
På sjøen ynskjer du gjerne ein kikkert som har eit breidt synsfelt. Dette gjer det lettare å søke over vassoverflata, og det er mykje enklare å få oversikt raskt over eit stort område. I tillegg bør kikkerten handtere refleksar frå vatnet godt, og helst vere lyssterk nok til å kunne brukast komfortabelt langt ut i skumringa. Ein veit aldri når på døgnet ein får bruk for kikkerten, og då er det lurt med ein kikkert som taklar desse situasjonanen godt. Synsfeltet vert større ved lavare forstørring.

Forstørring og lysstyrke
Standard kikkert for båtbruk har lenge vore 7x50mm. Med 7x får du ei ok forstørring, utan at det vert vanskeleg å halde kikkerten stabilt i bølgene. 7x betyr i praksis at du ser objektet som om du skulle ha stått 7 gongar nærare. Om du studerer ein annan båt på 200m avstand, ser det dermed ut som om du studerer båten frå 28m avstand i kikkerten.
Erfaringsmessig viser det seg at forskjellen mellom 7x og 8x faktisk er ganske stor på dette feltet! Hugs at lysfeltet òg vert mindre ved høgare forstørring.
50mm lysopning fortel kor mykje lys kikkerten slepp inn. Kikkertar med spesifikasjonen 7×50 har ein utgangspupill på 7mm, noko som gjer at lyskjegla som kjem ut frå okularet er i stand til å forsyne eit mørketilpassa auge med maksimal mengde med lys. I mørket kan pupillen vår maksimalt opne seg til 7mm (avhengig av alder), og ofte seier ein at ein minst bør ha ein kikkert med 5mm utgangspupill i skumringa. Ein kikkert med stor objektivlinse samlar sjølvsagt mykje lys, men gir òg ein mykje tyngre kikkert. Dermed vert det ofte snakk om eit kompromiss mellom lysstyrke og vekt. (Utgangspupillen får du ved å dele opningsdiameteren på kikkerten med forstørringa).

Kontrast
Moderne antirefleksbehandlingar har ført til at lysgjennomgangen på moderne kikkertar ofte er formidabelt betre enn eldre konstruksjonar. Antirefleksbehandling er eit tynt lag som vert dampa på linseoverflatene, og som gjer at ein større del av lyset trenger gjennom optikken utan å bli reflektert bort. På gamle kikkertar kunne ein risikere å miste omlag halvparten av lyset, på grunn av indre refleksjonar og konstruksjonsmåte. I dag har ofte kikkertar lysgjennomgang på 95%, noko som gjer at lysstyrka dermed vert betrakteleg betre, sjølv med samme lysopning! God overflatebehandling gjer òg at kikkerten får høgare konstrast. På sjøen kan ofte kontrasten vere nokså låg, spesielt om det er dis og vassdamp over vatnet.

Må tåle vatn
Ein kikkert til bruk i båt må vere absolutt vasstett! I ein båt er det ofte i eit fuktig miljø, både med vassprøyt, høg luftfuktighet og faren for å miste kikkerten overbord. Ein god båtkikkert taklar fint å ligge på opptil 5 meter djup, dette finn du ofte meir detaljert informasjon om på produsenten sine nettsider. Om du likevel opplever at kikkerten tar inn vatn, så er dette oftast ei garantisak. Sidan dei fleste kikkertar no er fyllt med nitrogengass, er dei òg rimeleg immune mot dugging på innsida av optikken (noko ein kan få ved store svingingar i temperatur og luftfuktighet). Om du får sjøvatn på kikkerten, så er det berre å skylle kikkerten grundig i ferskvatn og tørke den godt.

Robust
Dei fleste kikkertar har gummiarmering. Dette betyr derimot ikkje at kikkerten nødvendigvis er vasstett, men derimot at kikkerten har litt beskyttelse mot støt og slag. Men det viktigaste er likevel korleis linseelementa er skrudd saman og sikra inne i kikkerten. Her kan du finne store forskjellar mellom dei ulike merka. Dei gode merka tåler faktisk godt eit fall frå 1-2 meter utan at linseelementa kjem ut av posisjon! Gummiarmeringa har òg ein annan funksjon. Den gjev større friksjon mot underlaget, og forhindrar dermed at kikkerten sklir fram og tilbake når det er litt bølger på vatnet.

Fokusering
Mange marine kikkertar er laga for å sjå skarpt på avstandar over 25 meter. Dette betyr at du ofte slepp å fokusere kikkerten noko særleg, fordi djubdeskarpleiken er så stor. Nokon modellar har senterfokusering (med diopterjustering på eit av auga), medan andre har individuell fokusering på kvart auge. Her må du prøve deg litt fram for å finne ut kva du likar.
Om du brukar briller, så er det viktig at kikkerten har ein augeavstand på minst 15mm. Dette betyr at du framleis får eit godt synsfelt, sjølv om du brukar briller. Dei ulike modellane har ulik augeavstand, så det kan vere lurt å få testa dette ut i praksis for å vere heilt sikker på at du får ein kikkert som fungerer til deg.

Kompass
Nokre maritime modellar har innebygd peilekompass. Dette er eit godt hjelpemiddel for å kunne krysspeile sin eigen posisjon på sjøen. Kompassa er oftast vanlege magnetkompass, og vil vere synleg i synsfeltet på eit av auga. Men her er det òg viktig å test ut kompassfunksjonen, då ikkje alle modellane er like enkle å lese av kompasskursen med. I tillegg bør kompasset ha ei innebygd lyskjelde, slik at ein òg kan bruke denne funksjonen i skumringa.

Flytereim
Dei fleste kikkertar er 100% vasstette, men svært få flyt av seg sjølv. Det er sjølvsagt lite hjelp i om kikkerten er vasstett om den ligg på 15 meters djup. Difor bør du sikre kikkerten din med ei flytereim. Dette er ei nakkereim med innebygde flyteelement i. Det er viktig å velge ei flytereim som passar akkurat din kikkertmodell, slik at du er sikker på at kikkerten faktisk held seg flytande. Dei fleste kikkertprodusentar som har maritime modellar, har òg dedikerte flytereimer tilgjengeleg. Flytereimene har som oftast ein kraftig fluoriserande farge, slik at det skal vere lettare å få auge på den i vatnet.

Vi har gode erfaringar med dei maritime modellane frå Focus, Pentax og Steiner. Desse finnast sjølvsagt i ulike prisklasser og kvalitetar, men felles for desse er at dei er skreddarsydd for dette bruket.

Våre bestselgarar innan marine kikkertar er:
Focus Aquafloat 7×50 IF
Pentax Marine 7×50 Hydro
Steiner Navigator-serien

Kjapt oppsummert, så har ein båtkikkert ofte følgande spesifikasjonar:
– ca 7x forstørring
– rundt 50mm lysopning
– vasstett
– lyssterk
– stort synsfelt
– innebygd kompass
– robust og støtsikker konstruksjon
– gummiarmering for bedre grep og friksjon
– stor djubdeskarphet
– brukast ofte med flytereim

Ta gjerne kontakt med oss for råd om den perfekte båtkikkerten til ditt bruk!