Nattkikkert – ei grunnleggande innføring

Ein nattkikkert er ein spesiell type kikkert som forsterkar det naturlege lyset opptil fleire tusen gongar, noko som gjer det mogleg å sjå under særdeles dårlege lysforhold. Dei fleste modellar har òg innebygd infraraud lyskjelde (IR-lampe), som sender ut lys i den infraraude delen av spekteret. Kikkerten kan dermed brukast på plassar utan eksisterande lys, dog med begrensa rekkevidde alt etter lysstyrka på IR-lampen. Normal rekkevidde er normalt opptil 150m, avhendig av kikkertmodell. Det infraraude lyset er ikkje synleg for vårt auge, og heller ikkje dei fleste andre dyr. IR-lampane har normalt ei bølgelengde på mellom 700-900 nanomenter (nm).

Armasight IR810 illuminator

Armasight IR810 illuminator

 

Merk at nattkikkertar ofte vert brukt på ein annan måte enn dagslyskikkertar. Du finn sjeldan høge forstørringar på nattkikkertar. Hovudbruksområdet er hovusakleg å få oversikt over store områder. Dei fleste kikkertane har dermed forstørring mellom 1x og 5x. Normalt brukar nattkikkertar ein teknologi som gir eit grønt og monokromt bilete på skjermen. På grunn av teknologien som vert nytta, kan nattkikkertar ikkje brukast på dagtid.

Bruksområde

Nattkikkertar var lenge forbeholdt militært bruk, men dei siste åra har det sivile òg i større grad dratt nytte av denne teknologien. Politi, oppsyn, redningsmannskap, vakthald og ettersøk er bruksgrupper som har stor nytteverdi av denne type lysforsterkande utstyr. Kikkertane vert òg brukt av privatpersonar, mellom anna til telling av storvilt, og observasjon av dyr og fugleliv om natta. Fleire og fleire har òg slike kikkertar på fritidsbustadar (hytter) og i fritidsbåtar, for å kunne orientere seg godt om natta.

Legg merke til at det IKKJE er lov å bruke slike typar lysforsterkande utstyr til jakt, sjølv om det finst kikkertsikter med denne typen teknologi. Men det er likevel lovleg å selge slikt utstyr i Norge. Politi, forsvaret og viltnemnder har spesialløyve til spesielt bruk.

Virkemåte

Så korleis fungerer eigentleg ein nattkikkert?

Kikkerten samlar inn lys via ei objektivlinse, på samme måte som ein ordinær kikkert. Dette lyset treff ei lysforsterkningstube der fotonane i lyset, ved hjelp av ei fotokatode, blir omdanna til elektron. Eit statisk felt akselererer desse elektrona i høg hastighet mot ein fosforskjerm. Kollisjonen mot skjermen får denne til å lyse opp, og sende ut synleg lys i form av foton. Vi ser dermed eit bilde gjennom okularlinsa bakerst på nattkikkerten. Grønfargen på bildet er resultat av lyset som blir sendt ut frå fosforskjermen.

Vi ser dermed at lyset som kjem inn i kikkerten ikkje når vårt auge direkte. Derimot ser vi eit skjermbilde av lyset som kjem inn. Ulikskapane mellom dei ulike typar nattkikkertar er dermed i stor grad relatert til kva type teknologi som er benytta.

Grunnprinsippet bak nattkikkert (gen 2)

Grunnprinsippet bak nattkikkert (gen 2)

 

Oppløysing

Når det gjeld oppløysingsevna på ein nattkikkert, så er denne i hovusak begrensa av teknologien. Optikken i seg sjølv har ofte veldig høg oppløysingsevne, på samme måte som ordinære dagslyskikkertar. Men det vi til sjuande og sist oppfattar, er oppløysinga på bildet som blir generert på fosforskjermen. Og denne oppløysinga vert målt i linjepar pr mm (lp/mm). Standard nattkikkert av første generasjon har ofte ei oppløysing på rundt 30-40 lp/mm. Dei beste kikkertane har ofte oppløysing på over 70 lp/mm, og er dermed i stand til å vise eit mykje meir detaljert bilete.

På grunn av at fosforskjermen er statisk, vil ein ofte sjå at enkelte eksemplar av kikkertane har nokre få svarte prikkar på skjermen. Dette er støv på skjermen. Støvet påverkar ikkje yteevna eller levetida til kikkerten. Svarte prikkar på forsforskjermen skuldast såleis ikkje feil under produksjonsprosessen, men er eit resultat av ulike grad av sortering på bildeforsterkingstubene. Nattkikkertar i ei litt høgare prisklasser har bedre (og strengare) sortering på skjermane, og såleis høgare kvalitetskontroll. Desse vil då stort sett ha fosforskjermar utan svarte prikkar. Ulempen er høgare pris.

 

Eksempelbilde tatt gjennom Armasight Spark

Eksempelbilde tatt gjennom Armasight Spark

Praktisk bruk

Nattkikkertar må ikkje rettast mot sterke lyskjelder (sterke gatelys, billykter etc), då dette kan skade bildeforsterkningstuba. Av samme grunn har difor nattkikkertane eit objektivlinselokk for å beskytte tuba mot lys på dagtid. Dei fleste objektivlokka har likevel eit lite hol, som gjer det mogleg å teste kikkerten sin funksjon på dagtid, då kun i korte periodar. Nattkikkertar av første generasjon (generasjon 1) vil kunne fungere ei kort tid (nokre minutt) etter at kikkerten er slått av, fordi fotokatoden brukar litt tid på at den statiske elektrisiteten skal bli utlada. Dette kan vere litt forvirrande i starten, då det kan virke som at kikkerten ikkje er skrudd av. Dette er normalt for denne type kikkert.

Fokuseringa skjer ved at ein først fokuserer objektivlinsa i front. Deretter justerer ein augelinsa (okularet) bak på kikkerten, slik at bildet blir bra for ditt auge. Denne siste justeringa må justerar for kvar person som brukar kikkerten, då augene våre nesten alltid er litt ulike.

Vi får ofte spørsmål om kor lang ein kan sjå med ein nattkikkert. Du kan sjå heilt til stjernene utan problem! Men ein må skille litt mellom korleis ein brukar nattkikkertar kontra dagslyskikkertar. Nattkikkertar har begrensa oppløysingsevne. Bruken vert dermed ofte begrensa til å sjå OM eller AT noko bevegar seg i mørket. Du vil sjølvsagt kunne sjå ok med detaljar, men ein brukar desse typar kikkertar i større grad for å registrere aktivitet.

Ulike typar generasjonar av nattkikkertar

Nattkikkertteknologien har vore under utvikling sidan før 2. verdenskrig, og vi har såleis hatt ulike utvikling og bruk av teknologi.

Generasjon 0 er nattkikkertar er avhengig av IR-belysning for å fungere. Desse er stort sett ikkje lenger i bruk.

Generasjon 1 vart utvikla på 60-talet, og har ei generell lysforsterking på rundt 1000x. På grunn av måten desse kikkertane er laga på, vil dei ha eit bilete med ei viss grad av geometrisk forvrenging langs kanten på bildet. (Òg kalla fiskeaugeeffekt). Generasjon 1 er relativt rimelege i innkjøp, og vil stort sett fungere veldig ok til generelt bruk. Kikkertane har best skarphet i midten av bildefeltet. Desse kikkertane brukar ei vakumforsegla bildeforsterkningstube. Dei fleste nattkikkertane som blir selde, er i generasjon 1. Likevel har det skjedd utvikling innan denne teknologien òg, og dei fleste kikkertar brukar no generasjon 1+ teknologi. Desse gir eit bedre bilete. Produsenten Armasight har utvikla sitt eige system, kalla Core-teknologi. Denne brukar ei lysforsterkingstube i keramikk, noko som ein stort sett berre finn i dyrare modellar av generasjon 2. Core-tuba tåler røffare behandling, og gir eit vesentleg bedre bilete. Denne teknologien brukar dei mellom anna i modellen Armasight Spark. Bildet på Spark kan, kombinert med ein god IR-lampe, på mange området måle seg med nattkikkertar med generasjon 2-teknologi. Armasight Spark har òg veldig høg oppløysing, opp til 60-70 lp/mm!

 

Armasight Spark

Armasight Spark

Generasjon 2 vart utvikla på 70-talet, og ligg generelt på eit mykje høgare prisnivå. Ein må stort sett opp i prisklassa over 10.000,- for å finne generasjon 2-teknologi. Desse nattkikkertane forsterker lyset ca 20.000x, og er såleis mykje meir sensitive mot lys. I tillegg er bildekvaliteten bedre, med minimal grad av forvrenging av biletet. Kikkertane har òg mykje bedre randskarphet, noko som gjer det lettare å sjå klart objekt som kjem inn i synsfeltet frå sidene. Generasjon 2 brukar ein annan type bildeforsterkingstube, der lyset som kjem gjennom kikkerten går gjennom ørsmå rør/kanalar i ei spesiell kanalplate. Desse kanalane er vinkla litt på skrå i forhold til synsfeltet på objektivlinsa, noko som fører til at fotona treff veggen på innsida av kanalen. Dette fotonet dannar dermed eit elektron, som blir akselerert nedover i kanalen og riv med seg fleire elektron på vegen. Dette fører til at det vert mange elektron pr foton (opptil 1000), samanlikna med nattkikkertar i generasjon 1. Dinkikkert fører ein del generasjon 2-kikkertar frå Armasight, mellom anna Sirius QSI MG, som har monokromt bilete i svart/kvitt.

Armasight Sirius QSI-MG

Armasight Sirius QSI-MG

Armasight Sirius QSI MG

Generasjon 3 vart utvikla på slutten av 70-talet, og har teknologi som gjev lysforsterking på rundt 40.000x. Denne type kikkertar er ikkje tilgjengeleg for privatpersonar, og blir hovudsakleg brukt av politi og militære. Import av slike type nattkikkertar krev spesiell tillatelse, og eksporten er sterkt regulert av internasjonale retningslinjer. Bruk av generasjon 3 krev brukssertifikat av sluttbrukar. Vi sel ikkje generasjon 3.

Generasjon 4 vart utvikla på slutten av 90-talet, og er ikkje tilgjengeleg i Norge.

Ulike konfigurasjonar

Nattkikkertar finst både om monokulære, binokulære (som vanleg dagslyskikkert), som nattbriller (med utstyr for montering på hjelm eller hovud) og som kikkertsikter. Ein får òg ei stort utval med ekstrautstyr, som gir meir/mindre synsfelt, kameratilkobling etc. Nokre av systema er modulbaserte, slik at du sjølv kan spesifisert ditt eige utstyr nøyaktig til ditt bruksbehov.

Vedlikehold av mikroskop

For at mikroskopet skal fungere optimalt, er det viktig å sørge for korrekt vedlikehald. For best mogleg resultat, bør en forsikre seg om at alt av objektiv, okular, blendar og konsensor er korrekt justert og fritt for støv. og smuss.

Slik rensar du ditt mikroskop:

  • Blås ev. reint for støv med trykkluft. Rens okulara med linsepapir, fukta med linseveske. Brett linsepapiret, slik at du har eit ekstra lag med linsepapir mellom fingrane og linseoverflata. Då unngår du å få fett på linsene. Tørk godt av medan du dreiar okularar, og avslutt med eit tørt og reint linsepapir. Gjenta operasjonen fleire gongar ved behov.
  • Normalt treng ein ikkje reingjere objektivlinsene. Men immersjonsokularar bør rensast grundig etter kvar gong ein brukar dei, slik at ein ikkje får olje som tørkar inn på overflata. Bruk linseveske og linsepapir, på samme måte som på okularet.  Skru ev. ut objektivet, og sjekk mot lyset at objektivet har blitt heilt reint.
  • Sørg for at linsa på lysfeltblendaren er reint for støv, slik at ein unngår lystap.
  • Husk å dekke til mikroskopet med støvhette etter bruk, slik at du unngår unødig støv på mikroskopet.

Vi anbefaler Optika Renseveske for å rense linseoverflatene.