Dugg til besvær

Når sola går ned i vest, himmelen er skyfri og atmosfæren rein og klar, er alt lagt til rette for mange timar med spennande observasjonar. Etter nokre timar oppdagar du kanskje at okularet har dugga ned og det har danna seg store dropar på metallfatninga. Om du har eit teleskop med linseelement eller spegel lang framme (linseteleskop, Schmidt Cassegrein, spegelteleskop), så vil desse flatene òg kanskje vere dekka av dugg. Sidan ein bør vere forsiktig med optiske flater, er det utelukka å tørke av desse med ein klut. Observasjonane er dermed kanskje allereie over, når himmelen er på sitt beste.

Dugg er vassdamp i lufta som konsenserer på teleskoputstyret.
Eit teleskop vil starte å avgi varme til omgjevnadane (kjøle seg ned) så raskt sola går ned. Lufta vert kaldare, og dei optiske flatene (linser og spegel) vil starte å kjøle seg ned raskare enn lufta som omgir dei. Når temperaturen på optikken så møter duggpunktet (temperaturen når den relative luftfuktigheten er 100%), vil vassdampen i lufta kondensere på overflatene. Om du ikkje er førebudd på dette og kan motverke kondensasjonen, er observasjonane dine over for kvelden!

Duggkappe for teleskop frå Meade

Duggkappe for teleskop frå Meade

Duggkappe til Meade sine katadiopiske teleskop.

Dugg kan påverke alle typar teleskop, men refraktorar (linseteleskop), Schmidt-Cassegains og Maksutov-Cassegrains er spesielt utsette for dugg, grunna måten dei er laga på, med glasflater heilt framme i teleskoprøret. Teleskop med opent teleskoprør, i hovudsak reflektorar er òg utsette for dugg på primærspegelen, sjølv om optikken der sit lenger bak i teleskopet. Slike type teleskop utset primærspegelen for den kjølande effekten til den omliggande lufta.  Dette, kombinert med behovet for å la teleskopet få kjøle seg ned til samme temperatur som omgjevnadane, fører ofte til mykje frustrasjon og forkorta observasjonsøkter. For å forhindre/forseinke danning av dugg, og såleis auke observasjonstida, kan ein bruke to ulike metodar. Den passive og aktive metoden.

Den vanlegaste metoden er duggkappa. Den består av ein sylinder laga i eit lett materiale (plast, skumplast, tynn metallplate), og blir plassert i front av teleskopet som ei forlenging av teleskoprøret. Duggkappa lagar eit lite volum med luft som ikkje blir kjølt ned så raskt som lufta rundt. Frontglaset held dermed ein høgare temperatur i eit lengre tidsrom, og forlengar dermed observasjonstida betrakteleg. Ein tommelfingerregel seier at lengda på duggkappa bør vere minst dobbelt så lang som opningdiameteren på teleskopet.

Spegelteleskop med open konstruksjon (truss-tube) kan forbedre ytelsen på teleskopet betrakteleg ved å bruke lyskappe (eit tøystykke som ein brukar rundt røret for å forhindre strølys på optlkken. Den vil òg fungere perfekt som duggkappe. Duggkappene vil såleis òg fungere ypperleg for å redusere eller eliminere strølys, og dermed auke kontrasten betrakteleg i teleskopet både visuelt og fotografisk.

Men, ei duggkappe vil kun gi god effekt ei viss tid. Før eller seinare vil lufttemperaturen nå duggpunktet, og optikken vil dugge ned. Dei fleste linseteleskop har innebygd duggkappe, men denne er ofte ikkje lang nok til å fungere optimalt. Dessutan vil du framleis ha utfordringar med delane av teleskopet som ikkje er dekka av duggkappa, td okular, søketeleskop og kamera. Her må vi derfor inn med meir aktive metodar for å bekjempe duggen.

Aktive metodar omfattar som oftast varmeelement, som brukar ein elektrisk motstand for å tilføre varme til okular og andre linseoverflater. Slike varmeelement aukar temperaturen på optikken, slik at temperaturen vert høgare enn duggpunktet. Ein treng ikkje høgare temperatur enn at optikken er akkurat litt varmare enn duggpunktet. Dei fleste slike duggsystem går på 12V, og kan òg brukast i staden for eller tillegg til duggkappe. Eit system for bekjemping av dugg, enten i form av duggkappe eller varmeelement er essensielt for å kunne ha glede av teleskopet over lengre tid. I og med at duggkappa òg fjernar strølys, er duggkappa ei god investering for ditt teleskop!

Sjå vårt utval i duggkapper!