Astrofotografering – kva skal eg starte med?

I Dinkikkert snakkar vi dagleg med våre kundar, og mange er potensielle førstegongskjøparar av teleskop. Ein fellesnemnar for mange av desse, er at dei ofte spør om muligheten til å fotografere gjennom teleskopet. Kva treng eg? Er dette teleskopet eigna? Korleis koblar eg til kamera?

Astrofotografering er ei fascinerande, men utfordrande form for fotografering. Vi skal fotografere objekt som er langt unna, ufatteleg lyssvake og som i tillegg bevegar seg sakte over himmelen. Dette skapar utfordringar, både med tanke på førebuingar, mekanisk og elektronisk oppsett, nøyaktighet og handsaming av råmaterialet i etterkant.

Jo, du kan i prinsippet fotografere gjennom så og seie alle typar teleskop. Men resultatet du vil klare å få ut av utstyret, er avhengig av i kva grad utstyret er laga for denne type bruk, mekanisk nøyaktighet og fotografen si erfaring. GoTo-teleskopa har verkeleg revolusjonert teleskopverdenen. Med enkle tastetrykk er brukaren i stand til å finne objekt på stjernehimmelen på ein rask og nøyaktig måte. Drivverket på teleskopet følger så objektet, slik at det står sentrert i midten av synsfeltet. Og ved å koble til eit kamera, burde ein dermed potensielt sett vere i stand til å ta praktfulle langtidseksponeringar. Dette stemmer til ei viss grad, men er avhengig av at ein har eit drivverk som er solid og nøyaktig nok, i tillegg til at teleskopet har ein optikk som gir godt fotografisk resultat.

Om du verkeleg vil oppnå tilfredsstillande resultat innan astrofotografering, er det diverre ingen vei utanom. Du må legge litt pengar på bordet.
Kvalitetsoptikk og mekanikk kostar, og innan astrofotografering er det slik at det alle viktigaste er monteringa. Om vi skal gi eit godt råd til deg som ynskjer å starte med astrofotografering, så vil vi på det sterkaste anbefale at du legg mesteparten av budsjettet ditt i ei god montering. I første omgang bør du dessutan droppe teleskopet, og kun basere deg på å fotografere med kamerahus og kameraoptikk. Det høyrest kanskje ikkje så artig ut, men vi kan love deg at du får ei mykje raskare læringskurve, i tillegg til at du raskt vil vere i stand til å levere bilete som får folk flest til å sperre opp augene.

Her er løysinga frå AstroTrac ideell! Aldri har det vore så enkelt å ta imponerande astrofotografi på ein så enkel måte. Dette er den ideelle løysinga, både for nybegynnarar innan astrofoto, men òg for alle fotografar som treng ein enkel plattform for motordrift.

For å fotografere lenge på stjernehimmelen, treng du ei montering som har samme rotasjonsakse som jorda. Ei vanleg alt/az-montering vil dermed kun fungere for korte eksponeringar. Ved lengre eksponeringar vil du oppleve feltrotasjon. Dette skuldast at ei alt/az-montering har zenit (rett opp) som rotasjonspunkt, medan ei ekvatorialmontering har rotasjonsaksen sin i nærleiken av polstjerna (der jorda sin rotasjonsakse peikar).