Nordlysfotografering

Kunsten å fotografere nordlys handlar i korte trekk om tre faktorar:

Tilgjengeleghet, teknikk og komposisjon.
Det å fotografere nordlys treng slettes ikkje vere vanskeleg, men det hjelp med grunnleggande fototeknikk og litt erfaring med utstyret. Nordlysfotografering handlar i hovudsak 80% om å finne nordlyset, 10% teknikk og 10% god komposisjon.

Nordlys fotografert frå Skibotn.

Nordlys fotografert frå Skibotn mars 2013.

Tilgjengelighet
Tru det eller ei; det vanskelegaste er å finne nordlyset! Ser du nordlyset, er største delen av jobben gjort! Diverre er nordlyset mest vanleg rundt dei polare regionane, der nordlysovalen kvar einaste natt spelar opp, i meir eller mindre grad. Akkurat no ligg denne ovalen rundt Tromsø, noko som gjer dette til ein god plass å oppsøke om du vil fotografere nordlyset. Men når sola har kraftige utbrot, kan denne ovalen trekke sørover slik at vi i Sør-Noreg kan få oppleve dette fantastiske fargespelet. Nordlys er oftare synleg enn folk trur, men utfordringa er vel at det er få av oss som tenker over dette i det daglege. Heldigvis kan nordlys til ei viss grad varslast, slik at ein kan få litt tid på seg til å planlegge fotograferinga.

Teknikk
Spegelreflekskamera med lyssterkt vidvinkelobjektiv er optimalt for nordlysfotografering. Fullformatbrikke med 14mm objektiv, eller crop-brikke med 10mm er fint. Ved å bruke vidvinkel, får du med meir av himmelen, samt at rørslene i nordlyset ikkje vert så synlege ved langtidseksponeringar. Målet er å ta så kort eksponeringar at du stoggar nordlyset sine rørsler, men samtidig at du har lang nok lukkartid til at du får nok lys på bildebrikka. Det finst ikkje ein fasit på dette, du må sjå nordlyset litt an og eksperimentere deg litt fram.

ISO –  Velg ein ISO som er så høg du tør utan at støyen vert for synleg. Om det er svært kaldt ute, er støyen betrakteleg mindre. Dette gjer at du kan gå opp på ISO-en utan å få vesentleg meir støy. Start gjerne med 800-1600, og sjå om du treng å auke denne.

Lukkartid – Bruk fjernutløysar, og sats på lukkartider mellom 2 og 10 sek, alt etter styrke og rørsler på nordlyset.

Blendar – Bruk så stor blendar som mogleg for å få mest lys inn på bildebrikkar, men blend gjerne litt ned for å få litt bedre skarpleik og kvalitet på bildet. (Dei fleste objektiv gjev best kvalitet når dei vert blenda litt ned). Om du har f/1.4 optikk, blend gjerne ned til f/2.

Fokus –  Bruk live view, og fokuser på ei stjerne. Ikkje stol på fokuseringsskalaen på objektivet, det er få objektiv som har uendeleg fokus akkurat på merket!

Stativ – Eit fotostativ er eit must. Gjerne med kulehaud, slik at du kan foreta raske endringar i komposisjonen.

Kvitbalanse –  Dagslystemperatur rundt 5500K fungerer fint. Men ta bileta i råformat, slik at du uansett kan justere alle aspekt ved eksponeringa i etterkant.

Komposisjon
Ok, nordlyset er på plass og kameraet er klart. Du ser at nordlyset lar seg avteikne i kamera. Då er det greit å tenke over kva du kan gjere for å løfte kvaliteten på bildet enno meir. Eit nordlysbilete kun av himmelen er ofte litt kjedeleg. Men litt forgrunn, ein fjordarm eller eit fjellparti i bildet hjelp veldig på. Nordlysbilete med personar på er ekstra flotte. Då kan du gjerne «fryse» desse med litt svak blitz eller ekstern lyskjelde, slik at dei ikkje vert så utydelege på biletet. Komposisjon er den faktoren som verkeleg kan løfte eit nordlysbilete til dei store høgder. Men ofte er nordlyset kortvarig og kraftig, noko som gjer at ein har lite tid på seg. Og då er det ikkje alltid like lett å tenke revolusjonerande komposisjon! Men ha det i bakhaudet, så skal du sjå at du får bra effekt!

Timelapse
Om du har fjernutløysar med intervallkontroll, eller intervallfunksjon i kameraeet, så kan du prøve deg på timelapse av nordlyset. Ta hyppige eksponeringar med kort intervall, og sett bileta saman til ein film i etterkant. Då ser du verkeleg korleis nordlyset bevegar seg.

Under ser du ein timelapse av nordlys, tatt i Sør-Noreg i oktober 2012. Det vart brukt eksponeringar på rundt 2 sek, med 2 sek intervall. Sjølv om månen var 3/4 full og himmelen ikkje var 100% skyfri, så vart resultatet nokså bra.

Video
Dei nyaste systemkamera har særdeles gode ISO-eigenskapar, og gjerne stor bildebrikke. Kombinerer du dette med lyssterk vidvinkeloptikk (gjerne ned mot f/1.4), så har du gode sjansar for å filme nordlyset direkte med systemkameraet ditt. Og då snakkar eg ikkje om å lage ein tidkrevande timelapse-video, men ein video med gjerne 25 bilder pr sekund. Fordelen med dette, kontra timelapse, er at rørslene framstår som mykje meir naturleg. For folk som aldri har sett nordlys før, gjev dermed dette ei meir korrekt framstilling av korleis nordlyset kan oppføre seg. Eit av dei råaste kamera til dette er Sony A7S. Dette er eit spegellaust systemkamera med svært lite støy, noko som skuldast store fysiske pixlar på ei stor bildebrikke. I og med at kameraet har «kun» 12 megapixel, så får kvar enkelt pixel mykje lys. Dette gir ein video med lav støy og høg sensitivitet.

Under ser du ein video filma med ein eldre Canon-modell frå 2009 (1Dmk4) med 35mm f/1.4. ISO-en er her 12800. Rikeleg med støy, men likevel sensitivt nok til å få med seg rørslene. Dagens kameramodellar er betrakteleg betre.

NAS jubileumskonferanse i Tromsø

NAS (Norsk Astronomisk Selskap) arrangerte 75-års jubileumskonferanse i Tromsø 1.-3.mars 2013. Dinkikkert var gullsponsor for konferansen, og stilte med to representantar. Desse var Runar Sandnes (product manager) og Paul A. Wilson (astrofysikar). Vi hadde ein eigen stand på konferansen, og hadde med oss diverse produkt og gode tilbud.

 

Paul A. Wilson og Runar Sandnes frå Dinkikkert.no

Paul A. Wilson og Runar Sandnes frå Dinkikkert.no

Programmet for helga var tettpakka, med ei mengde interessante foredrag av høg internasjonal klasse. Konferansen kunne skilte med foredragshaldarar frå heile verda, som verkeleg var spesialistar innan sine fagfelt. Klima, nordlys, exoplanetar, supernova, mørk materie, gravitasjonslinser, kosmisk bakgrunnsstråling og galakse arkeologi. Litt for ein kvar smak, og veldig interessant!

 

Konferansesalen med forskarpanelet

Konferansesalen med forskarpanelet

 

Paul A. Wilson (Dinkikkert sin eigen astrofysikar) holdt eit foredrag om sitt forskingsfelt, exoplanetar. Dette er planetar rundt andre stjerner enn vår eiga. Det var veldig spennande å høyre om ulike metodar som vert nytta for å oppdage og kartlegge exoplanetar, og ikkje minst kva informasjon som er mogleg å få ut av det innsamla materialet. Utviklinga innan exoplanetar, eit nokså ungt fagfelt, går raskt framover, og det vert spennande å sjå kva nye typar teleskop og instrument kan tilby forskarane i framtida.

 

Paul A. Wilson holdt foredrag om exoplanetar.

Paul A. Wilson holdt foredrag om exoplanetar.


Paul A. Wilson holdt foredrag om exoplanetar.

Fredags kveld starta konferansen med ein nordlyssafarie inn mot Skibotn, eit par timar sør-aust for Tromsø. Sjåførane på desse bussane har mykje erfaring med å «lukte» opp nordlys og gode observasjonsforhold, så dette skulle ikkje bli noko problem. Allereie etter ein halvtime såg vi dei første teikna til nordlys, men det skulle bli bedre!

I Skibotn var det greie forhold. Ikkje 100% klart, men store delar av himmelen var utan skyer (kun litt dis). Nordlyset kom som bestilt, og spelte opp med fleire korte og kraftige utbrot. For dei som aldri hadde sett nordlys før, var dette ei utruleg oppleving! Vi som er meir erfarne med nordlys konkluderte med at det var flott, men ikkje spektakulært. Likevel, ein koseleg kveld med ei perfekt avslutning!

Fotoapparata vart brukt flittig, og dei fleste fekk flotte bilete av nordlyset på minnebrikkene sine.

Nordlys fotografert frå Skibotn.

Nordlys fotografert frå Skibotn.